Diktet

Eit dikt om honning

Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag.

Publisert

Det er den mørkaste helga i året, reint bokstavleg. Kva passar då betre enn eit dikt om honning, som reint symbolsk må vere det næraste vi kjem sol på denne tida av året?

Honningen – flytande, glitrande, gul som sollyset – er både kvardagsleg og heilag. Han står i klissete krukker inst i kjøkkenskåpa våre. Samtidig er han fylt med sterk symbolikk i fleire religiøse tradisjonar. Honning symboliserer overflod, liv, fornying og er knytt til det guddomlege. Honning har dessutan medisinske eigenskapar – og magiske, han blir ikkje dårleg!

Fordi han er så lada med symbolikk, er honning eit potent motiv i diktinga. På popartisten Robyns album Honey (2018) er honningen bilete på sensualitet og kunstnarisk gjenføding; hos Paal-Helge Haugen i Steingjerde (1979) symboliserer honningen naturens kretsløp: «honning vandra: usynleg/ ut frå blomens sentrum, gjennom/ biekroppen (…) vi fekk det/ på brødskivene».

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement