Kunnskap
Eit hundeliv
Korleis kan vi seie noko om den psykiske helsa til hundane?
Einsemd og mangel på mosjon fører til psykiske lidingar hos mange familiehundar. Foto: Gerry Broome / AP / NTB
Foto: Gerry Broome / AP / NTB
Har hunden
din eit godt liv? Det er lett å tru at eit trygt tilvære i eit varmt hus, med industrielt
tilverka spesialfôr, regelmessig helsekontroll hos spesialiserte
smådyrveterinærar og daglege lufteturar i skogen eller parken skulle gjere
hundane våre til dei lykkelegaste kjæledyra i historia. Men slik er det ikkje, psykisk vanhelse er eit stort problem for mange av familiedyra
våre.
Korleis
kan vi seie noko om den psykiske helsa til hundane? Gjev det meining å snakke om
mental helse hos ein mops? Det gjer det absolutt. Hundar har dei same
hjernesentera som oss for å styre frykt, sinne, glede og andre kjensler, hundar
har eit godt minne, dei liker å løyse utfordringar, og dei er svært sosiale dyr.
Gatehunden
I dei
mange tusen åra folk og hundar har levd saman, har hundane stort sett levd i
halvville flokkar i utkanten av menneskesamfunnet, og slik er det enno mange
stader i verda. Der har hundane vent seg til å leve av slakteavfall og
matrestar og gjort nytte som vakthundar eller som mat. Cherokee-indianarane i
Nord-Amerika hadde til dømes kokt kvalp som ei delikatesse dei gjerne serverte
gjester dei ville gjere stas på.
Livet i
slike hundeflokkar har forma hunden til eit flokkdyr med lite redsle for
menneske og med ein ganske annan flokkstruktur enn ville hundedyr. I motsetnad
til ulvane lever hundar i grupper utan særskilde alfa-individ, tisper parar seg
regelmessig med dei hannane som er i nærleiken, og får gjerne eitt eller to kvalpekull
i året.
I ein ulveflokk er stell av kvalpar ein jobb for heile flokken. Hundekvalpar blir fostra opp av mora, men veks samstundes opp i eit miljø der dei får rikeleg
sosial kontakt både med menneske og andre hundar.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.