JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Eit sjakkbibliotek

Aldri har eg sett ein så glad og sterk gut som han som kom køyrande med dei tunge, tomme bokhyllene.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei siciliansk opning mot muskelbunten med bokhyllene: 1. e4 c5 2. Df3 Sc6 3. Lc4. Han freistar ein skulematt. 3. … Se5! 4. De2! e6 osb. Ei sjakkteikning av May Linn Clement heng på veggen.

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

2288
20240816
2288
20240816

I sumar har eg bygd opp sjakkbiblioteket mitt. Dei bøkene eg las i filler som ung gut, til dømes om aktuell opningsteori, er i dag uinteressante. Det eg vil ha i hyllene, er sjakkhistorie og sjakk-kultur.

Aldri har eg sett ein så glad og sterk gut som han som kom køyrande med dei tunge, tomme bokhyllene. Han tok hyllene på éin strak arm, der kona mi og eg trong fire armar. Til slutt måtte eg spørja: «Korleis er du så sterk?» «Eg har jobba med utkøyring i fire år. Eg har sylv i NM venstre og gull i NM høgre – i handbak», sa guten.

Då han var ferdig, banka han på døra ein siste gong: «I pausane spelar eg alltid sjakk på mobilen. Kan vi ta eit parti?»

Eg har kjøpt mykje kuriosum, som ei bok om sjakklivet i ei belarusisk bygd. Opplaget var på 50 eksemplar, eg fekk mitt for ti euro (+ frakt). Ein annan lekkerbisken er om moldovisk sjakk, prenta i Chișinău i 1979. Eg betalte berre 1,69 euro.

Men prisane varierer. Sovjetiske bøker med opplag på 100.000 er i dag nesten gratis, men post-
sovjetiske bøker i små opplag kan vera ganske dyre.

Eg har ei nesten komplett samling av alt som er skrive på ukrainsk og nynorsk. Eg har den sjeldne godbiten Herbarium. Sjakkproblem, prenta av Sunnmørsposten i 1970. Forfattaren var David Hjelle, sjakkspaltist i Dag og Tid. Ein av mine beste lesarar, Trond Nerland (frå Volda, som Hjelle), sende meg eit eksemplar for nokre år sidan.

For meg er sjakkbøker ein inngang til å læra språk. Dette er ein gamal tanke: Sjakkspelarar var før mi tid uvanleg gode til å lesa tysk. Dei fyrste opningsbøkene eg las for 40 år sidan, var faktisk på tysk. Gjennom sjakkhistoria har eg planar om å «ta opp tysken».

Hovudinteressa mi er slavisk, og etter russiske bøker i hundretal kjem òg nokre utvalde på bulgarsk og serbisk. Eg har von om at sjakken vil gjera det mogleg å stava seg gjennom sistnemnde. Den ihuga Dag og Tid-lesaren Terje Kristiansen frå Tønsberg har ei solid samling russisk-ukrainsk sjakklitteratur. Teksten vert skanna og omsett av Google Translate. Kristiansen har kome så djupt ned i materien at han kan hjelpa sjakkhistorikarar over heile verda med nye funn.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis