Frå historia
Eksingedalen
Bergo og Bergivatnet i Eksingedalen.
Foto: Jorunn/Wikimedia Commons
Eksingedalen er ein dal i Vaksdal kommune i Hordaland. Dalen er trong og vill med bratte fjellsider, seier leksikonet, og 48 kilometer lang. Det same leksikonet fortel at dalen i 1980 hadde 388 innbyggjarar. Dagens Wikipedia fortel at innbyggjartalet no er halvert på knapt 40 år. I dag er talet 160.
Dag Kullerud gav i 2019 ut ei bok om den kristne dagsavisa Dagen i Bergen i samband med hundreårsjubileet hennar. I denne boka trengjer Eksingedalen seg inn i historia som ein rik leverandør av gåverikt folk som går inn i samtida si og er med og skaper henne, i målstrid, i lekmannsrørsle, i fråhaldssak, i media, i politikk – ei rik kjelde til sjølve motstraumen i norsk samfunnsliv, for å låne Kulleruds ord.
Mykje handlar om familien Lavik. Andreas Lavik, fødd i 1854, var emissær, bonde og stortingsmann og styrar for bibelskulen i Bergen. Han var formann i nemnda som førebudde den nye avisa. Han døydde i 1918, året før Dagen vart lansert. Sonen, Johannes, vart den første redaktøren, fram til han døydde i 1952. Søskenbarnet til Johannes, Nils Lavik, vart den første stortingsmannen for Kristeleg Folkeparti, i 1934.
Lavikane myldrar i organisasjonar og media. Andreas, patriarken, hadde ein bror som heitte Johannes. Han skipa Gula Tidend i 1904 og redigerte avisa fram til 1919. Ein annan bror heitte Dorotheus. Han vart ein kjend skodespelar under namnet Dore Lavik. Ei tid var han sambuar med skodespelarinna Anne Marie Andersen, sidan kjend som Marie Hamsun.
Vår tids Marie Lavik skriv i 2018 i Klassekampen om namnesøster si, Marie Lavik: Ho var søster til Andreas og Johannes og var blitt borte i historia. Ho var ein avvikar i familien og sette spor andre stader. Ho braut med barnetrua, tok seg arbeid i den radikale avisa Arbeidet og vart leiar for Bergens kvinnelige arbeiderforening, der ho slåst for kvinners rettar.
Lavikane braut seg fram og gjorde seg synlege der dei var. Det hadde ein pris. Johannes, den første Dagen-redaktøren, skriv om far sin, Andreas: «I Andreas æt var det en gammel, bitter rot som ofte før hadde skutt opp og gjort skade. Det laa til ætten en sterk selvbevissthet, stolthet og ærgjerrighet. Det blev den dypeste skade i Andreas Laviks liv», skriv sonen om faren.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.