Frå ei anna verd

Eldsjel

«Tradisjonell bridgepremiering er eit sausenebb, luksusvarianten ei sylvskei»

Kurt-Ove Thomassen og Svein-Gunnar Karlberg med prov på sin siste triumf. I midten president i Norsk Bridgeforbund Åse Langeland.
Kurt-Ove Thomassen og Svein-Gunnar Karlberg med prov på sin siste triumf. I midten president i Norsk Bridgeforbund Åse Langeland.
Publisert

Bodø er europeisk kulturhovudstad i 2024. Om bridge er kultur, kan diskuterast, men nyleg husa byen ei storstilt bridgehending under samlenemninga Norway Bridge.

Den populære oppfatninga av bridge som tidtrøyte for pensjonistar er ikkje heilt utan rot i røynda. Det er tungt å rekruttere unge til ein sport som er ukjend for mange og i tillegg lid av eit skralt rykte.

Ikkje desto mindre var nær 300 juniorar frå heile Europa samla i Bodø no i slutten av mai. Hovudtevlinga i denne klassen vart vunnen av svenskane Ivar Lichtenstein–Harry Warlenius, medan sigeren i meisterskapen for skulelag vart delt mellom Borhaug skole Leopard og danske Maglegaard. Leoparden kom inn i biletet for å skilje Borhaug-laget frå tre andre lag frå same skule, nemleg Tiger, Puma og Hai.

Mykje av æra for det heile må tilskrivast moværingen Kurt-Ove Thomassen. Forutan å ha initiert massemønstringa i Bodø er han leiar i Helgeland juniorbridgeklubb, som tel over hundre unge medlemer, og han har arbeidd hardt for å få bridge inn i skuleverket.

Frivillig arbeid er inga gullgruve. Heldigvis er Thomassen sjølv ein eminent spelar, som i fleire tiår har vore i noregstoppen i lag med makkeren Svein-Gunnar Karlberg, også han frå Mo. I Bodø greidde dei to å vinne hovudtevlinga i open klasse, Marit Sveaas International Bridge Tournament.

Tradisjonell bridgepremiering er eit sausenebb, luksusvarianten ei sylvskei, men i den årvisse Marit Sveaas-tevlinga er premiebudsjettet tungt sponsa av investoren Christen Sveaas. Han spelar ikkje bridge sjølv, men mora Marit var på 60- og 70-talet ein av dei beste damespelarane i Noreg. Det finst òg eit Marit Sveaas minnelaup for hestar, men det er ei anna historie.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement