Frå ei anna verd

EM-eufori

Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.
Det norske damelandslaget etter å ha vunne sitt fyrste EM. F.v. trenar Leif-Erik Stabell, Torild Heskje, Gunn Tove Vist, Bodil Nyheim Øigarden, Liv Marit Grude, ikkje-spelande kaptein Anne-Lill Hellemann, Marianne Harding og Ann Karin Fuglestad.
Publisert Sist oppdatert

Fotball er ikkje ein interessant sport i mine augo. Om eg ser ein kamp, endar eg ofte med å sitere det oppriktige spørsmålet til ei eldre dame på Hølonda i Melhus: «Kunne dei ikkje berre hatt kvar sin ball?»

Likevel vart eg glad då eg på mystisk vis hamna på såkalla fotballpub ein kveld nyleg, og vart vitne til at Tyrkia slo Austerrike 2–1 i fotball-EM. Eg følte at Tyrkia sårt trong denne oppturen, etter at dei dagen før møtte Noreg i det viktige EM-et, nemleg bridge-EM: Der vart sluttresultatet 50–0 til Noreg.

Det er ille, men ikkje fullt så ille som det høyrest ut til. Omrekna til såkalla vinnarpoeng, altså poenga som faktisk blir ståande i samanlagttabellen, gjev ein differanse på 50 «internasjonale matchpoeng» resultatet 19,16–0,84. Det maksimale ein kan få ut av ein kamp, er 20 vinnarpoeng, då får motparten 0.

I EM for nasjonslag i Herning i Danmark greidde Noregs lag i open klasse å vinne éin kamp 20–0, det var mot Wales. Viktigare er fylgjande: Dei slo totalt 23 av dei 29 andre deltakarlanda innbyrdes, mange av dei klårt, og gjekk ikkje på eit einaste stort tap. Det heldt til gull samanlagt, framfor Sveits og Italia. No skal ein ikkje lenger attende enn til 2018 for å finne Noregs førre EM-siger, i Oostende i Belgia, men prestasjonen er ikkje mindre av den grunn. Det er krevjande å konsentrere seg intenst frå morgon til kveld ti dagar i strekk i konkurranse med alle dei beste spelarane i Europa.

Så er det ein dameklasse i EM, og utruleg nok greidde Noreg å vinne denne òg, på målfoto føre Frankrike, medan Tyrkia (hurra!) tok bronse. Det norske damelandslaget har i årevis streva med å nå dei same høgdene som laget i open klasse, så dette var ei historisk hending for bridgenasjonen Noreg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement