Diktet

«Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt»

Publisert

Også denne fredagen eit eplegrønt dikt; i september tenkjer eg på eple jamt. Ikkje fordi eg må få plukka dei, stabla dei i kasser, som i diktet – nei, det er mykje meir lystprega, det handlar berre om å ete dei. Grøne, raude, søte, syrlege. Sjå korleis epleskrotten blir så mykje raskare brun enn på dei epla ein kjøper resten av året.

For fruktbonden og poeten Olav H. Hauge (1908–1994) var nok eplehausten mindre lettbeint. Det var arbeid og uro òg. Epla figurerer i mange av Hauge sine dikt, for han var ein diktar som skreiv om kvardagen kring seg; om epla, elva, årstidene, bøkene han las. Det er eit stort formmessig spenn i dikta til Hauge. Men dei fleste som kjenner poesien hans, vil kjenne att den nokså enkle og røyndomsnære stilen i «Grøne eple», henta frå Dropar i austavind (1966).

På få liner kallar diktet fram både ein stad, eit arbeid, ein sommar og ei livshaldning. Det opnar med to uglade observasjonar om korleis sommaren har vore, om konsekvensane. «Men», seier diktet i tredje lina, og viser oss vanen og erfaringa hos fruktbonden: «Grøne eple er betre enn inkje». Eit slags visdomsord, som ikkje er utypisk Hauge. Siste lina understrekar perspektivet hans: Det er vel ikkje uvanleg med den slags somrar så langt nord.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement