Diktet

Erling Kittelsen er blant dei mest mangsidige av norske poetar, skriv Jan Erik Vold.

Publisert

Erling Kittelsen, fødd 1946 i Vennesla, busett i Oslo, magister i religionshistorie frå Universitetet i Bergen 1974, er blant dei mest mangsidige av norske poetar. Han debuterte i 1970 med samlinga Ville fugler – sidan er det kome eit sneis diktbøker, om ein skal ta med samarbeida med andre, fokuset på Edda-dikt, dialogane med Wergeland og Voluspå, att­diktingane av poetar på kinesisk, urdu, arabisk, latvisk, persisk, koreansk, japansk, gjorde i fellesskap med språkmektige frå desse områda. Dessutan mange fablar, eit par romanar, barnedikt, fleire skodespel – rundt halvhundre utgjevingar i alt. Han liknar ikkje på nokon.

I 2021 kom Kittelsens Dikt i samling på 626 sider, med forfattarens nyskrivne innleiing til kvar av dei tolv einskildsamlingane hans. I 2023 kom den seinaste diktboka, også med tittelen Samling, undertittel Dedikerte dikt.

Selected Poems er eit tospråklig norsk-engelsk utval frå 2012 der John Irons har omsett tekstane til engelsk. Forlaget skriv: «Kittelsen er kalt motstandsdikter, at han kommer med nødvendig motkraft til vår økonomiserte kultur. Samtidig finner han innganger til mytologi og urgammel erfaring som bærer og viderefører vår menneskelighet. Det mørkeste sted er der det skjer, midt i verden.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement