Europeisk vondskap
BERGEN: Lærer norske elevar at europearane i mellomalderen var vonde og valdelege, medan muslimane var tolerante?
Ja, konkluderer ei lærebokanalytisk masteroppgåve.
Ei kunstnarleg framstilling frå 1800-talet av krossfararane som erobrar Jerusalem 15. juli 1099.
Ei kunstnarleg framstilling frå 1800-talet av krossfararane som erobrar Jerusalem 15. juli 1099.
post@rem.no
Før sumaren vil Kristoffer Tyssøy Høisæther vera ferdig utdanna lektor i den vidaregåande skulen med historie som hovudfag. Bøkene han då skal undervisa i, dannar grunnlaget for masteroppgåva han fekk godkjend i fjor – ein lærebokanalyse. Ein del av pensumlitteraturen han har teke føre seg, er historieboka han sjølv las som elev i vidaregåande då han byrja på Danielsen privatgymnas i Bergen samstundes med Kunnskapsløftet i 2006. Han har levd med desse lærebøkene som elev og skal snart leva med dei med som lektor.
I to år har han analysert dei på heiltid – i alt ni nyare norske lærebøker i historie, tre som vert nytta av sjetteklassingane i grunnskulen og seks som vert nytta av syttenåringane som går andre klassesteget i vidaregåande. Masteroppgåva i historie er avgrensa til mellomalderen.
Sentrale hendingar i mellomalderdelen av lærebøkene, og dimed i oppgåva, er muslimske erobringar på 700-talet, erobringane Karl den store gjorde kring 800, plyndringa av Bagdad i 1258, erobringa av Konstantinopel i 1453 og kampane om Wien i 1683 – ved sida av tema som slaveri, likestilling og trusfridom. Mest plass får krosstoga på 1000- og 1100-talet, med tyrkaranes erobringar på 1070-talet og europearane som erobra Jerusalem i 1099.
Ordteljing
Kva kjem Tyssøy Høisæther fram til? Han konkluderer med at det er «en pa°viselig klar dobbelstandard i ma°ten historiske hendelser omtales pa°, noe som er med pa° a° skape en skjev fremstilling der europeerne blir satt i en overgriperrolle, mens ’de andre’ plasseres i en offerrolle».
– Meiner du å ha funne ein tendens og eit mønster?
– Detaljar om vald og vondskap kjem eine og åleine i avsnitta om vestlege erobringar, svarar han.
– Kan du talfesta den påståtte tendensen eller er det lesemåten din som har vore tendensiøs?
Som svar syner han til side 94 i oppgåva, der den språkkritiske delen byrjar – «Nedslakting og folkemord: Om ordbruk og utvalg av hendelser som omtales». Der tek han ikkje berre føre seg «hvilken type hendelser forfatterne velger å fokusere på, men også hvordan disse blir beskrevet». Han har valt å sjå på «hvor ofte bøkene refererer til massakrer eller lignende i kapitlene om middelalderen. Jeg har dermed saumfart disse kapitlene pa° jakt etter beskrivelser av ekstrem blodsutgytelse: Massakrer/massakrering, massehenrettelser, folkemord, nedslakting, utryddelse, og generelt drap av store mengder sivile».
Kva tal kjem han fram til når han nyttar språklege teljekantar i gjennomgangen av historiepensumet til norske skuleelevar? Om me skal tru oppgåva, ser tala slik ut: Massakrar og annan kollektiv vald «refereres det (ordrett) til ved 25 anledninger totalt i kapitlene og delkapitlene om Europa i middelalderen, mens det forekommer ved 0 anledninger i kapitlene og delkapitlene om den islamske verden».
Etter ordteljinga konkluderer oppgåva med at avskyvekkjande ordbruk «er dermed forbeholdt europeisk historie, mens lignende hendelser omtales som erobringer, overtakelser eller rett og slett ikke nevnes i kapitlene om islam i middelalderen».
Nyansert om slaveri
– Teljinga di syner òg at europeisk historie generelt får meir plass enn ikkje-europeisk?
– Det er rett. I fleire av bøkene får europeisk historie om lag fire gonger meir plass enn utanomvestleg historie.
– Er det ikkje då naturleg at dei europeiske overgrepa òg får meir plass?
– Når plasstilhøvet er langt jamnare, som i læreboka Tidslinjer, endrar det likevel ikkje noko. Vestleg vondskap vert skildra i målande og fråstøytande detaljar, også i avsnitt som elles er korte, medan elevane vert skåna for detaljar om ei av dei blodigaste hendingane i mellomalderen, den mongolske plyndringa av Bagdad i 1258. Og når ei lærebok fortel over fire heile sider om den muslimske verda i mellomalderen, kjem berre ei eller to setningar om dei omfattande erobringane av til dømes Midtausten, Nord-Afrika og Den iberiske halvøya. Medan europeiske erobringar vert skildra i detalj, med opplysningar om drap og plyndring, er det ikkje krigføring, men handel og toleranse som pregar skildringa av den muslimske verda, med detaljar om dadlar og vassmelonar som vart til velsigning for nye folkegrupper.
– Du skriv at du finn same tendens i alle dei ni lærebøkene du har undersøkt. Trekkjer du då den slutninga at det er tale om ei medviten einsretting?
– Einsrettinga er sjølvsagt ikkje medviten. Eg er ikkje konspiratorisk. På 1990-talet gjekk me i Noreg bort frå ordninga med statleg godkjenning av lærebøker, og ein skulle tru at det ville føra til større mangfald. Kan henda har det vorte meir mangfald på somme felt, men når det gjeld historie, ikkje berre mellomalderhistorie, finn eg ei konsekvent antivestleg haldning i lærebøkene.
– Finn du skilnader mellom dei ulike lærebøkene?
– Heldigvis er det nyansar. Det er store skilnader på omtalen av slaveriet i mellomalderen. I somme av lærebøkene er berre europeisk slaveri nemnt, og då vert ikkje elevane kjende med at ikkje-europearar dreiv omfattande slavehandel i mellomalderen. Borna kan då få inntrykk av at slavehald var noko berre europearar heldt på med. Men i andre lærebøker vert det ikkje lagt skjul på at muslimane òg dreiv med slavar. Så ja, nyansane er der.
Krosstoga
– Om du har rett i at bøkene har ein slik tendens – kvifor har dei det, trur du?
– Ein viktig grunn er nok at lærebokforfattarane kan vera langt friare i kritikken av Vesten.
– Meiner du at lærebokforfattarar ikkje kjenner seg like frie til å skriva kritisk om utanomvestleg kultur og historie?
– Eg trur at mange av dei er redde for å skriva noko som kan vekkja antipati mot ikkje-vestlege, slik fleire avsnitt vekkjer antipati mot europearar.
– Kva for hending i mellomalderen meiner du er minst nyansert skildra?
– Krosstoga. Ideen til oppgåva fekk eg då eg som bachelorstudent i historie tok kurset «heilag krig i mellomalderen». Eg studerte då kva dei fremste forskarane i samtida skriv om krosstoga, og fann ein diskrepans og nyanserikdom som ikkje er til stades i dei norske lærebøkene. Eit godt døme er læreboka som byrjar heile krosstogkapittelet med den europeiske erobringa av Jerusalem i 1099, utan å nemna at tyrkarane kring 1070 hadde teke kontroll. Elevane sit då attende med eit inntrykk av ein vestleg aggresjon som er blind, meiningslaus og heilt utan historisk kontekst.
– Kan du gje eit døme?
– Eit døme eg gjev i oppgåva, er innleiinga til mellomalderkapittelet «Kampen om makta» i I ettertid: «Jerusalem, 1099. I nokre julidager i 1099 blei innbyggarane i Jerusalem utsette for ein massakre utan sidestykke. ’Befolkninga i den heilage staden blei meia ned, og frankarane massakrerte muslimar i ei heil veke. I al-Aqsa-moskeen drap dei meir enn sytti tusen menneske’, skreiv den arabiske historikaren Ibn al-Athir om lag hundre a°r seinare.» Kjeldebruken her er særs tvilsam. Alle veit at det ikkje var plass til sytti tusen menneske i moskeen.
– Korleis trur du lærebøkene verkar inn på elevane?
– Det vert spekulasjon, men eg vil tru at grunnskuleelevane har vore lite eksponerte for mellomalderhistorie. Foreldre flest fortel nok ikkje borna sine stort om krosstoga. Lærebøkene er såleis med på å danna eit historisk verdssyn som i neste omgang er med på å danna eit politisk verdssyn. Dei fleste borna vil nok lita på mellomalderhistoria i lærebøkene, og i vidaregåande skule vil dei få stadfesta det dei har lært.
– Kjem du til å arbeida vidare med lærebokanalyse?
– Det gjer eg, men truleg ikkje innanfor akademia. Der møter vinklinga mi for stor motstand. Kan henda skriv eg ei popularisert framstilling. Eg vonar det er råd å finna eit forlag som vil gje ut ei debattbok. Norske foreldre må få vita kva borna deira lærer i skulen.
Bakgrunn
Kristoffer Tyssøy Høisæther, fødd i 1990, lærar, busett i Bergen.
Masteroppgåve i historie, Universitetet i Bergen, 2018: «’Lite med europeisk overlegenhet a° gjøre’. Fremstillinger av den islamske verdens og Europas middelalderhistorie i norske lærebøker for grunnskolen og viderega°ende etter Kunnskapsløftet».
Lærebøker i grunnskulen som er nytta
i oppgåva:
Midgard 6 & Midgard 7, Aschehoug, 2007, 2008
Globus 6 & Globus 7, Cappelen 2007, 2008
Gaia 7, Gyldendal, 2008
Lærebøker i vidarega°ande skule som er nytta i oppgåva:
Tidslinjer 1. Verda og Noreg. Historie Vg2, Aschehoug, 2007
Mennesker i tid 1. Verden og Norge før 1800, Cappelen, 2007
Historie Vg2. Fra° dei eldste tider til 1700-talet, Cappelen, 2007
Alle tiders historie. Verden og Norge før 1800, Cappelen Damm, 2013
Perspektiver. Historie Vg2, Vg3, Gyldendal, 2013
I ettertid. Lærebok i historie for Vg2 og Vg3, Aschehoug, 2016
Bibelen og kvinnene
«Med støtte i skapingssoga i Bibelen dominerte det synet at kvinnene ma°tte lyde mennene.»
Historie VG2. Fra° dei eldste tider til 1700-talet, s. 82
Koranen og kvinnene
«Koranen gav gifte kvinner ei sterkare stilling reint juridisk enn kvinnene i mesteparten av Europa pa° den tida.»
Historie VG2. Fra° dei eldste tider til 1700-talet, s. 90
Omvending
til kristendom
«Overalt hvor han for fram, prøvde han a° innføre kristendommen. De som ikke tok den nye troen frivillig, ble tvunget med vold og ødeleggelser.»
Midgard 6 (for 11-åringar), s. 76, 800-talet, Karl den store
«Ogsa° kongemakten var opptatt av a° bevare den religiøse enheten og drev derfor klappjakt pa° muslimer og jøder. Tvangsomvendelser, beslagleggelser og utvisninger var vanlige virkemidler.»
Alle tiders historie, s. 179–180, 1500-talet, Spania
Omvending til islam
«Araberne tvang ikke befolkningen i omra°dene de erobret, til a° konvertere til islam, men mange valgte a° gjøre det siden religionen var a°pen for alle.»
Alle tiders historie, s. 69, 700-talet
«Ingen ble tvunget til a° bli muslimer.»
Alle tiders historie, s. 63
«Osmanane satsa ikkje pa° a° vende undertvinga folk om til islam.»
Historie VG2. Fra° dei eldste tider til 1700-talet, s. 237, Wien 1523