Farvel, Murmansk
Eg sulla rundt i sentrum av Kirkenes då ein bil køyrde opp på sida av meg, bremsa ned og gav meg eit telefonnummer. Bilen var full av russarar på veg heim til Murmansk.
Lynsjakk i Murmansk i 2017. Eg vann turneringa (med litt flaks).
Foto: Det norske generalkonsulatet
Ein av passasjerane var sjakkspelar og kjende meg att frå ei turnering i Vadsø.
Eg skulle sjølv frå Kirkenes til Murmansk med den klassiske minibussen, som var populær hos både russarar og nordmenn i nord. Eg hadde nokre møte på eit av universiteta i byen, men då eg kom fram til hotellet, kika eg på telefonnummeret. Eg ringde.
Litt seinare sat eg i ein pirattaxi til ein forfallen drabantby, der ingen skulle tru at nokon kunne bu. Verten hadde hamstra drikkevarer og tint opp nokre pelmeni, den russiske nasjonalretten, frå frysaren. Verten var langt frå rik, men hadde mykje kontantar. Av yrke var han gamblar. Ingen kunne halda fest som gamblaren.
To andre sjakkspelarar kom òg over: Vanja prata som ein foss, full av konspirasjonsteoriar. Språket var intelligent, sjølv om historiene ikkje var truande. Men ingen kunne skåla like poetisk som Vanja.
Den tredje russaren, Tolja, mumla at han jobba i fengsel, men for meg kunne han like gjerne ha vore innsett. Tolja talte ein klokkerein russisk fengselsslang som var umogleg å skjøna utan alkohol. Så eg drakk med (i mitt tempo), men ingen kunne kombinera sprit og lyn som Tolja.
Stemninga var god, eg ville ikkje ha vore opplevinga forutan jamvel om eg ikkje var viss på om eg ville overleva jakta på ein pirattaxi heim til hotellet midt på natta.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.