Frå historia

Finnøy, Byre og Skartveit

Hannibal Sehested miste Skartveit, øya hans i Ryfylke.
Hannibal Sehested miste Skartveit, øya hans i Ryfylke.
Publisert

Desse tre øyane er granneøyar inne i Ryfylke. Gjennom historia har folket på desse øyane stort sett levd av jordbruk. Finnøy er den frodigaste og rikaste. Dei to andre er mykje fjell og berg, med jordflekker imellom. Det har ikkje alltid vore feitt. Skartveit og Byre er i dag plaga av fråflytting. Finnøy har fått tunell til Stavanger og er i vokster.

Dei tre øyane har alle si forteljing om korleis den store norske historia kom innom og sette sine spor i små lokalsamfunn.

Ogmund Finnsson budde på kongsgarden Hesby på Finnøy. Han var drottsete i Noreg under dronning Margrete på slutten av 1300-talet. Drottseten representerte dronninga for nordmennene, og han var rikets første mann. Han åtte gardar over heile Skandinavia. Kona hans var av fint folk, barnebarnet til den heilage Birgitta i Sverige. Då Ogmund døydde, barnlaus, vart kona henta til København for å bli overhoffmeisterinne for den danske dronninga.

Så sentralt har Finnøy aldri stått i norsk politikk, korkje før eller sidan. Ogmund var ein mektig mann.

Byre er den minste av øyane, med tre gardar i drift i dag. Også dei tok seg ei rolle i historia då det drog seg til. I 1397, i Kalmar, valde skandinaviske stormenn Erik av Pommern til fellesskandinavisk konge, eit forsøk på å skape Norden. Kalmarunionen var skapt. Det skulle vise seg å bli mislukka.

Ein av dei 13 norske riddarane som hengde seglet sitt under kroningsbrevet, var Arnbjørn i Byre. Ein konsekvens av det Arnbjørn og dei andre gjorde i Kalmar, var at danske stormenn fekk råderett over norsk jord. Slik kom Hartvig Krummedike til å eige Byre ei tid. Han var ein brutal holsteinar og ein av dei mektigaste i fellesstaten. Det var han som slo i hel Knut Alfsson etter å ha lova han fritt leide for å møte på borga på Akershus. Ettermælet hans er elendig.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement