Frå sjakkverda

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Publisert

For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben. Det handla på ein måte om sjakk, og eg reknar med at tipsaren er Dag og Tid-lesar. Men det var noko merkeleg med tipset – teksten var på fransk! Kunne det vera frå ein av fransklærarane mine frå byrjinga av 1990-talet då eg sjølv var student?

Det heile var så sært at eg ikkje tenkte meir på saka. Men ein dag låg tipset der i synsfeltet mitt på kontorpulten, og eg byrja lesa. Eg byrja sjekka på nettet. Eg vart hekta.

Hovudpersonen er Jean-Philippe Toussaint (f. 1957), ein franskspråkleg belgiar. Han fekk eit stort namn med romanen og filmen Baderommet på 1980-talet og skal ha inspirert mellom andre Erlend Loe. Men for meg var det meir interessant at den fyrste romanen hans, Échecs (dobbelttyding «sjakk» og «fiaskoar»), vart refusert og aldri publisert. Eg fann manuskriptet på nettet og byrja lesa. Det handlar om ein bisarr VM-kamp der vinnaren vert kåra etter 10.000 parti. Det vert mykje venting (på Godot og anna).

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement