Frå ei anna verd

Frå bridgeverda: Svidd utgang

Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Dombås Hotell brenn 19. mai 2007.
Publisert

Ein fotballspelar kan brenne ein straffe, eit frispark, ein sjanse. Ein bridgespelar kan brenne ein utgang, ein slem, og det er det same: Ein går glipp av ein sjanse til vesentleg gevinst.

Du store min, kor morosamt vi hadde det med å lage vitsar kring nettopp dette, den gongen brannalarmen gjekk og vi alle måtte forlata bridgebordet og gå ut. Det var mai og godvêr på Dombås; vi spela den tradisjonstunge Dovre-cupen i eit møtelokale på Dombås hotell. Vi rekna med at det var falsk alarm, så vi la velvillige ned korta og såg på det heile som ein kjærkomen pause frå den intense spelinga. Så stod vi der ute på plenen og lo av dei dumme vitsane våre, med utsyn mot lysegrøne åsar og blåkvite fjell.

Stor var overraskinga vår då det byrja sive røyk ut av bygget, og flammar snart kom til syne. Sanneleg brann det til grunnen, det ærverdige, den gongen 90 år gamle trehotellet på Dombås.

Akkurat dette er ingenting å le av, naturlegvis. Men bridgespelarar er gjerne muntre – iallfall så lenge dei slepp å spela bridge – og medan brannen gjekk sin gang, spaserte vi bort på legendariske Frich’s kafeteria (apostrofen får stå for Frichs eiga rekning) for å ta nokre glas. Det slo meg då eg sat der, at jakka mi hang att inne i flammehavet. Men alt i alt var eg og turfellane mine heldige, for vi var sjølvsagt altfor gjerrige eller fattige til å ha tinga oss hotellrom for helga: Nei då, vi budde på campinghytte, der stod bagasjen vår trygt, og der kunne vi sitja utover natta og spela trøystebridge.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement