«Bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.»
Nicolai Heiberg-Evenstad og Markus Lund er yngre enn fedrane sine, men likevel gode.
Foto: Norsk bridgeforbund
Som far til ein gut på to år må eg snart ta stilling til eit eksistensielt problem: Bør eller bør eg ikkje introdusere guten for bridge?
Mange i bridgemiljøet vil nok freista presse meg til å rekruttere han, og etter alt bridgen har gjort for meg, er eit barn kanskje det minste eg skuldar han.
Guten på si side vil kunne få ein hobby å gle seg over gjennom heile livet, og han vil kunne forlenge dette livet gjennom mang ein god latter i møte med festlege og/eller latterlege karakterar i bridgemiljøet.
Men ein intens alkoholkultur og tallause høve til meir eller mindre passiv røyking vil kanskje forkorte livet hans tilsvarande, pluss at bridge er så vanedannande og tidkrevjande at det kan gå på kostnad av både studium, arbeid, kjærleiksliv, eigne born, barneborn og liknande.
Nok om det. Nyleg vart noregsmeisterskapen for par spela i Kragerø, ei maratontevling over tre dagar. Heilt til topps gjekk to søner, medan fedrane sat heime og togg.
Nicolai Heiberg-Evenstad er berre 16 år gamal. Han kjem frå Senja og er son av mangeårige elitespelar Stian André Evenstad. Alt i 2021 tok far og son eit sensasjonelt sylv i NM par, før sonen no vart historisk som den yngste vinnaren av NM par nokon gong.
Makkeren hans var 24 år gamle Markus Lund frå Trondheim, son av Børre «Beveren» Lund, som mellom anna spela på laget då Noreg i 2008 vann EM for nasjonslag.
Fedrane – som vel å merke kan forventast å prestere godt i mange fleire år før alderdomen overmannar dei – fortener ein stor takk for å ha ofra sønene sine på bridgens altar. Sporten treng så sårt, så sårt litt ungt blod.
I ei kort pressemelding etter triumfen til sonen skriv Børre Lund fylgjande: «Det har lenge herska tvil om kven som er far til Markus, men no er eg trygg på at det må vera eg.»
Erlend Skjetne
Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Cissy Houston
Wikimedia Commons
Arkivet: Emily «Cissy» Houston (1933–2024)
Berlin: Med bandet kring seg står Bob Dylan ved flygelet og spelar munnspel.
Foto: Håvard Rem
Som å lesa ei bok
Dylan (83) vert eldre, men skriv og syng betre.
Teikning: May Linn Clement
«Øving er ei form for arbeid, og sanneleg heng øva etymologisk saman med latin opus (‘arbeid, verksemd’).»
Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.
Alle foto: Hallgeir Opedal
Grinda kjem!
I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.
Filmen følgjer Lunies-familien, som har vore splitta i lang tid.
Foto: Selmer Media