JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå bridgeverdaKunnskap

Frå Bridgeverda: Berre det beste

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Terje Lie (t.v.) etter å ha vunne eit av sine mange NM-gull, saman med makkeren Nils Kåre Kvangraven.

Foto: Norsk bridgeforbund

2017
20240906
2017
20240906

Terje Lie var ein bridgespelar eg som ung var nervøs for å spela imot. Det hadde å gjera med to tilhøve. For det fyrste at han alltid spela sylkvast og verka uslåeleg. For det andre at han hadde det vi kan kalle eit sterkt nærvær ved bordet. Han var ikkje ein type spelar som lente seg tilbake og tok bridgeresultata som dei fall seg; tvert imot sat han framme på stolkanten, fullt og heilt til stades i kvart einaste stikk – her skulle ikkje den minste desimal av eit poeng gå tapt.

Han kunne bli hissig. Men det var sjølvsagt ikkje motstandarane som fekk gjennomgå, for dei er nye i kvar runde og kan ikkje styrast. Forbetringspotensialet finst hjå ein sjølv og hjå makkeren, og Terje Lie såg helst at makkeren innfridde dei same høge krava som han stilte til sin eigen bridge.

Han kom frå Sundbyfoss i Vestfold, men budde i mange år i Ålesund, før det også i Brattvåg. Han var maskinmekanikar og arbeidde i verftsindustrien, men var også leiar av bridgeklubben Grand og Møre og Romsdal bridgekrins. Eit høve til å bli å betre kjend med han fekk eg under finalen i NM for klubblag i Ålesund i 2010, som han var sentral i å organisere, og der han også spela for BK Grand. Han var ikkje nøgd med prestasjonane til alle lagkameratane sine. Sunnmøringane på si side var ikkje særleg nøgde med kritikken frå Lie, og presterte nokre kostelege parodiar av denne temperamentsfulle austlendingen med sine formidable kvalitetskrav. Men det låg ein varme i denne underhaldande kjeklinga, og når ein møtte Terje Lie litt bortanfor bordet, forstod ein fort at dette var eit raust og morosamt menneske med eit stort og levande nærvær også i det sosiale livet.

For nokre veker sidan døydde Terje Lie av kreft, knapt 60 år gamal. Han var mange gonger noregsmeister og ein av dei ti øvste i den nasjonale meisterpoengrangeringa. Med han har norsk bridge mist ein av sine ypparste spelarar og mest ugløymelege karakterar.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature
ÅshildEliassen

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Traust revolusjon

Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.

Låvesvala er ein utprega insektetar og jaktar helst i flukt. Dei korte beina eignar seg dårleg til å gå med, men er sterke til å gripe og finne feste.

Foto: Sveinung Lindaas

Feature

Låvesvalehale

For å bestemme alder og kjønn hjå ei låvesvale skal ein ty til fargane i fjørdrakta og til lengda på dei ytste halefjørene.

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis