JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå ei anna verdKunnskap

Gutar, no menn

Christian Bakke og Tor Eivind Grude er to namn som utan tvil vil prege norsk bridge i mange år framover.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Tor Eivind Grude (t.v.) og Christian Bakke er dei fremste i den yngre generasjonen av norske bridgespelarar.

Foto: Norsk Bridgeforbund

2006
20240628
2006
20240628

Den gongen eg sjølv var junior og hadde æra av å reise utanlands i lag med Christian Bakke og Tor Eivind Grude på diverse ungdomsmeisterskapar, var dei nokre år yngre enn eg.

Sidan då har eg som dei fleste vorte eldgamal, medan Bakke og Grude enno verkar like unge. Like fullt har dei gjort eit sjeldsynt sprang, nesten direkte frå ungdomsbridgen inn på landslaget i open klasse, der det naturleg nok er langt tøffare å få innpass.

La gå, på papiret er dei høvesvis 28 og 33 år gamle. Men det er ingen alder i bridgesamanheng. Bakke kjem frå Bergen og Grude frå Sømna på Helgeland. Båe er frå bridgefamiliar, Christians far Tor har vore i noregstoppen i mange tiår, medan Grude har to bridgespelande foreldre og ei syster som har spela på Noregs damelandslag.

Men alle familiemedlemene deira må nok innsjå at dei for lengst er utkonkurrerte: Bakke og Grude vinn det meste i Noreg for tida, dels som makkerpar, dels med andre makkerar. Dei blir òg meir og meir ettertrakta blant pengesterke sponsorar i utlandet.

I skrivande stund har EM for nasjonslag byrja i Herning i Danmark. Her er Bakke makker med Boye Brogeland, Grude med Geir Helgemo. Desse to er veteranar på landslaget: Dei var båe med då Noreg vann sitt fyrste VM for nasjonslag i Shanghai i 2007, og dei er Noregs mest kjende bridgenamn internasjonalt. At to spelarar av eit slikt format har valt seg høvesvis Bakke og Grude som makkerar, seier mykje om forventningane til dei unge rakettane. I tillegg til desse fire spelar det rutinerte paret Allan Livgård og Terje Aa for Noreg.

Eit identisk mannskap tok bronse i EM på Madeira for to år sidan, attom Nederland og Sveits. I VM i Marrakech i fjor tapte Noreg finalen mot sjølvsame Sveits. Desse to motstandarane kan fort bli dei argaste også i Herning, der tretti nasjonar deltek i open klasse.

Erlend Skjetne

Erlend Skjetne er tidlegare juniorlandslagsspelar i bridge.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Dokumentarfilmen følgjer Sondre Justad på ferda frå guterommet i Henningsvær til livet som popartist i Noreg.

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Filmen om Sondre Justad er både nordnorsk allsong og lovsong av det nordnorske.

Brit Aksnes

Heidi Gjermundsen Broch speler Vilde, her omgitt av dei imaginære «personane» i romanen, Rotta og Reven, spelte av høvesvis Karl-Vidar Lende og Thea Lambrechts Vaulen.

Foto: Monica Tormassy

TeaterMeldingar

Leiken mot døden

Ei spenstig blanding av det brutale og det vakre i ei framsyning som godt kunne vore korta ned.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis