Frå fangeleirenSjølv var han ateist og kommunist heile livet, men han fekk tre år i fangeleir av di far hans hadde vore prest. Då han kom heim att til Moskva, debuterte han med tre tekstar om sjakk. Så følgde sytten år i fangeleiren ved elva Kolyma nordaus

Varlam Sjalamov (1907–1982).
Varlam Sjalamov (1907–1982).
Publisert

Sjølv var han ateist og kommunist heile livet, men han fekk tre år i fangeleir av di far hans hadde vore prest. Då han kom heim att til Moskva, debuterte han med tre tekstar om sjakk. Så følgde sytten år i fangeleiren ved elva Kolyma nordaust i Sibir etter at han hadde kalla nobelprisvinnar og eksilforfattar Bunin for ein «klassikar». Denne leiren var den verste. Solzjenitsyn sa det slik: «Eg respekterer at Sjalamov, og ikkje eg, var den som nådde botnen i bestialiteten». Historiene til Sjalamov byrjar der leirhistoriene til Solzjenitsyn sluttar.

Men den fyrste leirhistoria eg las, var ikkje så ille. Kona til leirsjefen er sjakkentusiast og spelar med dei beste fangane. Ho vinn alt. Ho må vera god, tenkjer Sjalamov før han tek plass ved brettet. Men Sjalamov vinn enkelt det fyrste partiet. Og det andre. «Kva er det du gjer?» spør dei andre engsteleg. «Eg spelar sjakk. Ekte sjakkspelarar er ikkje spyttslikkarar», svarar Sjalamov.

I den neste historia spelar Sjalamov mot fangen dr. Kuzmenko. Brikkene er godt handverk. Legen fortel at dei vart lagde av skulptøren Kulagin. Når medfangane til Kulagin togg hardt brød, måtte ein gripa augneblinken der brød og spytt vart til ein deig som Kulagin kunne forma.

Men det manglar to brikker. Skulptøren hadde, rett før han døydde av svolt, byrja eta det kvite tårnet og hovudet til den svarte dronninga. Hadde han ete brikkene eit par månader tidlegare, kunne dei ha berga han.

Dr. Kuzmenko gjorde sjølv obduksjonen på medfangen. «Eg kunne ha fiska opp tårnet og dronninga frå magen hans, men … No får vi heller spela utan dei to brikkene. Ditt trekk, min herre.»

«Nei takk, eg miste lysta.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement