Frå historia
«Bismarck», «Blücher» og «Tirpitz»
«Tirpitz» var det sterkaste slagskipet i andre verdskrigen, seier historieboka.
Foto: Wikipedia
Rundt 1870 samla Bismarck dei spreidde tyske statane til eitt rike, under Preussens leiing. Kongen i Preussen, Vilhelm, vart tysk keisar. Europakartet var endra. Europa hadde fått ei ny stormakt, større enn gamle Preussen. Og den nye stormakta hadde ambisjonar, også militære.
Eitt mål var å skape ein marine, eine Hochseeflotte, som kunne hevde seg mot England, stormakta på havet. Admiral Alfred von Tirpitz bygde denne flåten, som vart brukt i den nådelause ubåtkrigen i første verdskrigen, skildra av Nordahl Grieg på teatret.
Ved inngangen til andre verdskrigen rådde Tyskland over ein sterk slik Hochseeflotte. Og flåten vart sett inn i krigen. Det gjekk dårleg.
Slagskipet «Blücher» vart senka i Drøbaksundet 9. april 1940. «Scharnhorst», eit anna slagskip, vart senka nord for Nordkapp i romjula 1943. Den norske jagaren «Stord» var med på denne jakta.
«Bismarck», oppkalla etter riksbyggjaren, vart senka etter ei dramatisk jakt i Nord-Atlanteren i mai 1941. «Stord» var med her òg. 110 mann av eit mannskap på 2000 vart berga. Tidlegare i slaget hadde «Bismarck» senka den engelske slagkryssaren «Hood», der alle 1700 i mannskapet omkom.
Den tyske Hochseeflotte hamna stort sett på havbotnen, som gravkammer for mannskapet, dei som ikkje vart transporterte av havet til framande strender etter å ha mista livet i kampane.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.