JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå historiaKunnskap

Dystert jubileum

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Friviljuge sjukepleiarar frå Raudekrossen hjelper influensasjuke på eit mellombels sjukehus i Oakland i USA i 1918.

Foto: Edward A. «Doc» Rogers / AP / NTB

4127
20230609
4127
20230609

Historia er full av årstal. Det er årstala som set hendingane på plass i historia. Dei er det viktigaste i historia, sa Halvdan Koht.

Historia gjer skilnad på årstala sine. Nokre av dei har fått mykje å vise fram og blir heidra med årlege jubileum, medan andre er fattige på dramatiske og viktige hendingar.

2018 var eit slikt jubileumsår, eit hundreårsjubileum. Det var hundre år sidan den første verdskrigen, den største europeiske krisa til då vart avslutta, og det er hundre år sidan spanskesykja hengde seg på halen av krigen og heldt fram med si nådelause hausting av menneskeliv, mest ungdom, etter at krigen var slutt.

Spanskesykja var ein pandemi, ei farsott som råkar alle, ein influensaepidemi, boren av eit virus. Ho er rekna som den største demografiske krisa på 1900-talet. I Europa døydde 2,6 millionar menneske, i heile verda truleg 50–100 millionar. Svenn-Erik Mamelund har forska på medisinalrapportar frå 1922 og 1923. Han reknar med at 13.000–15.000 menneske miste livet i spanskesykja i Noreg, medan over 1 million – av eit folketal på 2,6 millionar – vart smitta. Smittegraden varierte på mellom 30 og 80 prosent frå distrikt til distrikt. Det var først og fremst ungdom som vart råka, menn mellom 25 og 29 år. Sjukdommen bar gjerne med seg lungebrann, som ungdommane då døydde av.

4800 vart enke eller enkemann, og fødselstalet gjekk ned.

Mor og far var begge fødde i 1908. Dei fortalde med gru om alle ungdommane som døydde «i spanskå», som dei sa. Sverige vart også råka, og ei svensk lokalavis fortel om ein familie der far og to døtrer døydde på same dag, etter at ei dotter var død tre dagar før. Kyrkjegarden såg ut som ein nypløgd potetåker, sa ein som hadde opplevd det som hende.

Dødstala var så store at vanleg arbeidsliv fekk vanskar. 22. oktober 1918 fortel avisene på Lillehammer at fire av dei ni på telefonsentralen låg til sengs, medan dei fem andre gjekk og hangla. Abonnentane blei bedne om å ringje så lite som råd.

Det er usemje om korleis sjukdommen oppstod. Éin teori går ut på at sjukdommen braut ut i ein militærleir i Kansas i USA 5. mars 1918. Nokre veker seinare vart ein halv million amerikanske soldatar sende over havet for å bli med i krigen. Og dei hadde sjukdommen med seg. Ein annan teori peikar på Storbritannia som opphav til sjukdommen.

Sommarepidemien i Noreg skal ha starta i Kristiania 15. juni 1918. Derifrå tok han toget til Bergen og Trondheim. Hurtigruta frå Bergen har fått mykje av ansvaret for at sjukdommen spreidde seg til Nord-Noreg. I bygdesamfunna var det tilreisande som kom med sjukdommen via hotell, dampskip og jernbanestasjonar, fortel Mamelund. Mange bygde- og øysamfunn vart sparte for plaga.

Namnet fekk sjukdommen fordi kong Alfons XIII av Spania var av dei første som vart smitta. Det vart gjort kjent, og dermed var nemninga klar. Alfons døydde først i 1941, så han overlevde spanskesykja.

Tidsskrift for Den norske lægeforening skreiv om spanskesykja i desember 2001. I dag veit vi at sjukdommen blir boren av eit virus. Det visste dei ikkje då.

Spanskesykja var eit influensavirus. Og av dei er det mange slag. Og i dag finst det vaksine å få.

EU har eit eige senter for å halde auge med pandemiane, desse sjukdommane som kjem rasande med ujamne mellomrom, og som kan gjere store innhogg i folketalet.

Dette senteret ligg i Sverige. Der held ein auge med sjukdoms- og influensautviklinga internasjonalt. I februar samlar dei den kunnskapen dei har, og analyserer han. Då kan dei spå om kva slag influensa som kan venta å melde seg til hausten, då influensaen brukar kome. Så tek dei kontakt med den farmasøytiske industrien og fortel dei kva slags vaksine dei bør lage.

Medisinsk kunnskap byggjer altså eit vern for borgarane mot ulukker av det slaget spanskesykja var. Men sikkert vern kan ingen love. Framleis reknar pandemivaktmennene med at nye, ustyrlege pandemiar kan sprengje seg fram, ingen veit når og kor.

Førebels nektar dei ulike virusa å gå med på total kapitulasjon i møte med moderne medisin.

Så fekk årstalet 1918 ein samansett meny å by på. Freden og spanskesykja delte året mellom seg.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Dei som meinte at Viktor Orbán ville skape bråk i EU i tida med ungarsk formannskap, har fått rett. Her helsar han på Frankrikes president Emmanuel Macron under eit EU-toppmøte i 2023.

Foto: Omar Havana / AP

Samfunn

Bråkmakar øvst ved bordet

Den største urokråka internt i EU har overteke formannskapen i EUs ministerråd. Mest påverknad framover kan Viktor Orbán kome til å ha i Europaparlamentet.

Eva Aalberg Undheim

Foto: AP / NTB

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Springsteens «før og etter»

Det går an å skrive ei heil bok om Born in the U.S.A., i alle fall om forfattaren heiter Steven Hyden.

I 2018 var det varmerekordar fleire stader i landet.

Foto: Erik Johansen / NTB

Ordskifte
ØyvindNordli

«Det er absurd at dei fremste klimaforskarane i Noreg skulle bli samde om å lure resten av folket til å tru noko som ikkje er sant.»

Slik er byen Roma teikna i Nürnberg-krønika.

Foto: Terje Tøgard / Orfeus

BokMeldingar
Gjert Vestrheim

Ein milepåle i europeisk bokhistorie

Hartmann Schedels verdshistorie, som vart trykt i Nürnberg i 1493, er mor til alle salongbordbøker.

Paul Giamatti i rolla som Paul Hunham og Dominic Sessa som Angus Tully i den nyaste filmen til Alexander Payne.

Foto: Seacia Pavao / Focus Features LLC

FilmMeldingar

Armert film

JEREVAN: Filmfestivalen i den armenske hovudstaden Jerevan er like kontrastfull som byen.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis