Frå historia
Flaks og uflaks i historia
Johan Sverdrup. Johan Sverdrup.
Foto: WikipediaFoto: Wikipedia
Sist fredag skreiv eg om leitinga etter meining i historia. Denne leitinga var ei verksemd som ikkje var risikofri. Dei som meinte dei hadde funne meininga og visste kvar historia skulle, risikerte å gripe til makt for å hjelpe historia på den rette vegen.
Mange som har funne meininga med historia, har hamna i autoritære og brutale regime. Historia har ofte hatt dårlege vener.
Ein tryggare og mindre styrande måte å tolke historia på er å sjå på henne som eit lotteri, ein tombola, der nokre vinn, og andre taper, nokre har flaks, og andre har uflaks.
Ein treng ikkje å gå langt for å finne folk med uflaks i historia. Polen har hatt uflaks med geografien, der dei ligg mellom fleire aggressive stormakter. Store europeiske hærar som har vandra austover eller vestover, har alle vandra gjennom Polen, der dei har herja og rana. Innimellom har dei tatt seg tid til å dele Polen mellom seg.
Polen har hatt lite glede av grannane sine.
Finland har også hatt uflaks med geografien, der dei ligg mellom to rivaliserande stormakter som begge vil regjere Finland. Fram til 1808, då Russland overtok, var Finland ein sentral del av Sverige. Dei svenske armeane som herja på kontinentet gjennom hundreåra, var fulle av finnar. Og Finland fekk sin romslege del av enkjer og faderlause.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.