Frå historia
Håkon Brusveen
Reserven frå Vingrom under OL i Squaw Valley i 1960 kjem heim med gull og sølv i bagasjen.
Foto: Ivar Aaserud Aktuell / NTB
Håkon Brusveen døydde i vårmånaden april, 93 år gammal. For min generasjon vil han alltid bli hugsa som den som, saman med Hallgeir Brenden, atterreiste den norske æraen i skisporet.
Det skjedde i åra 1952–1960, då dei tok alle gullmedaljane på skisprinten i dei olympiske leikane. Hallgeir først, i 1952 og 1956, Håkon i 1960.
Dette var i amatørtida, før langrenn vart eit lukrativt levebrød. Langrenn var fritidssyssel. Hallgeir var tømmerhoggar, og Håkon var bonde i Vingrom. Treningsleirar og høgdeopphald var det lite av.
Vegen til gullmedaljane kunne vere lang og ulendt. I 1956 fekk Hallgeir eit sår i foten på tømmerhogst. Såret var iltert og ville ikkje gro. Det vart smått med trening til OL. Men han kunne arbeide i skogen likevel, med traktor. Då viste det seg at foten med såret kom nær varmen frå traktormotoren. Og denne varmen fekk såret til å gro fortare. Treninga kom i gang, og det vart gull i Cortina, med Sophia Loren på fanget. Slik fortel han det sjølv i boka om han.
Håkon vart ikkje kvalifisert til OL i USA i 1960. Dei andre reiste utan han, som då skulle sitje heime. Då gjekk han eit langrenn, på Ringerike, trur eg. Det gjekk strålande, og det vart starta ein aksjon for å få Håkon Brusveen ettersend til OL. I ettertid er det hevda at også kong Olav var med på aksjonen.
Aksjonen vart vellukka, og Håkon tok sin gullmedalje når han først var på plass. Stafetten vart dramatisk. Håkon Brusveen og Veikko Hakulinen kom inn på stadion side ved side. Det vart eit forrykande oppgjer, og finnen kom først i mål.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.