Frå historia

Pengegaloppen

Olav Tryggvason slo dei første sølvmyntane her i landet i 995. Myntane hadde innskrifta Onlaf Rex Normannorum, Olav nordmennenes konge, skriv Store norske leksikon.
Olav Tryggvason slo dei første sølvmyntane her i landet i 995. Myntane hadde innskrifta Onlaf Rex Normannorum, Olav nordmennenes konge, skriv Store norske leksikon.
Publisert

«Ja, de penga, ja, de penga er til bekymring for fattig og for rik», song Vidar Sandbeck i Ønskekonserten for mange år sidan. Og rundt i heimane sat folk og nikka. Dette var kloke ord. Det var slik det var.

Pengar er eit vellykka forsøk på å løyse og forenkle eit tidlaust problem, samhandelsproblemet. Tidleg i historia byrja folk å byte med kvarandre. Når steinaldermannen ville ha ei fin øks grannen hadde laga, kunne han ta med seg ein haug med dyreskinn. Så kunne dei byte. Så var handelen gjord. Det kunne bli mykje å bere på. Dette var upraktisk.

Så dukka pengane opp, vi veit ikkje akkurat når. Dei var eit felles bytemiddel, akseptert av samfunnet. Handelen var forenkla.

Pengane kunne vere mangt, verdifulle ting som fine skjel og steinar. Etter kvart dukka metallet opp, ulike metall. Metall har vore nytta som pengar i minst 4000 år, metall som myntar i 2700 år.

Myntane av edelt metall skapte grunnlag for ei ny verksemd, falskmynteriet. Å blande billegare metall som kopar eller tinn inn i gull- og sølvmynten, utan at verdien vart endra, og utan at jukset vart oppdaga, var god butikk. Og det vart gjort. Lukas og Markus fortel begge om då Jesus jaga pengevekslarane ut av tempelet. Dei var der for å skaffe likviditet til den handelen med offerdyr som var ein del av verksemda ved tempelet. Og dei skulle sjå til at myntane var ekte. Det var faget deira. Kasta ein mynten på golvet, fortalde lyden om mynten var ekte.

Cæsar innførte gullmynten aureus, som vart den romerske hovudmynten. Han var å finne heilt oppe i Skandinavia.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement