Tordenskjolds soldatar

Naturen og geografien spela ei rolle for maktspreiinga på Vestlandet, med ringe vilkår for samfunnsparasittar som arbeidsfolk i rikare strok måtte dragast med.

Frå historia

Publisert

Makta er ein aktør i alt samfunnsliv. Av og til er ho brutal og synleg, andre gonger er ho mektig, mjuk og elastisk, nesten usynleg.

Noreg er eit land med mykje geografi og ulik geografi. Og med spreidd makt.

Og den ulike geografien har på mange måtar forma maktmønsteret og maktfordelinga rundt i landet.

Flatbygdene på Austlandet og i Trøndelag skapte føresetnader for storgardar og lokal rikdom. Dei rike skogane auka denne rikdommen.

Men det skapte også fattigfolk og store lokale klasseskilnader. Austlandsbygdene og dalane der bar fram rikeleg med både nazistar og kommunistar. Siste NKP-aren på Stortinget kom frå Hedmark.

Nordpå var det fisket som vart hovudnæringa. Og kampen kom til å stå om fiskehandelen, der det fanst ein marknad med vegar til rikdom.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement