Frå historia

Ut med utmarka

Forboden 17. mai-feiring på ei utmark på Hauskjeheia på Finnøy i 1940.
Forboden 17. mai-feiring på ei utmark på Hauskjeheia på Finnøy i 1940.
Publisert

Framvoksteren av jordbruket er eit av dei store spranga i historia. Matproduksjonen vart effektivisert. Nye teknikkar, nye vokstrar og nye tamdyr skapte meir og meir tilgjengeleg mat. Det var ikkje lenger nødvendig at alle samla mat. Det vart bore fram så mykje mat at nokre få kunne byrje å stelle med andre ting.

Byar, som fekk mat frå omlandet sitt, voks fram. Dei som budde der, dei første byfolka i historia, kunne stelle med litt av kvart: kunst, prestetenester av ulikt slag, lærdom. Jordbruket skapte byen, og byen skapte eit meir variert liv for menneska.

Jordbruket har alltid hatt eit spent forhold til naturen. For det første kviler alt jordbruk på det fantastiske underet fotosyntesen er. Denne underlege naturprosessen skaper solenergi om til mat. Jordbruket kviler på naturen og den gåtefulle omforminga av solstrålane.

Men alt jordbruk kviler på eit grunnlag til: Jordbruket krev plass. Det krev jord, som nemninga seier. Og då kjem jordbruket i konflikt med resten av naturen: ville plantar og ville dyr, det vi i dag kallar utmarka. Dei var her først. Og denne konflikten har forma den verda vi lever i.

Jordbruket verda over har fortrengt utmarka, villmarka. «Där var sädesfälten böja sig för vinden», som Harry Brandelius song; der fanst det ein gong villmark, der voks det skog. Ville dyr tok seg av planterikdommen – og av kvarandre.

I dag veks det matvokstrar der, først og fremst ulike kornslag, som føder ei veksande folkemengd i verda. Gamle skogsområde, som det amerikanske Midtvesten, sender korn til resten av verda, som eit anna gammalt skogsområde, Ukraina, også gjer.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement