Mjølk
Kva skal Tine gjere med alt feittet dei ikkje vil ha?
Skummamjølk og smør har lenge vore ytterpunkta i norsk meierkosthald – her frå nittitalet. No går Tine lenger.
Foto: Knut Erik Knutsen / NTB
Skummamjølk og smør har lenge vore ytterpunkta i norsk meierkosthald – her frå nittitalet. No går Tine lenger.
Foto: Knut Erik Knutsen / NTB
Kor sunt er eigentleg mjølk? Hugsar du «Hver sin smak»-reklamen til Tine tidleg på nittitalet? Nokre søte små barn og ein kattepus sit på ein kvit stol og drikk ulike typar mjølk – heil, sur, lett og fløyte – og reagerer tilsvarande. Bodskapen var «Hver sin smak. Bare det smaker som det skal».
No kan ein nesten få inntrykk av at både mjølk og mjølkeprodukt i si heile og fulle form er skadeleg. Og ikkje berre på obskure bloggar og fitnessnettsider – nei, sjølv årsrapporten til Tine 2021 gjev meg dette inntrykket. I avsnittet om folkehelse skriv dei: «Lavere salg av smør, brunost og Norvegia har bidratt til at mengden mettet fett levert til markedet er redusert i 2021 mot 2020.»
Her skryter Tine, som er eigd av norske mjølkebønder, av at det at dei klarer å selje færre basisprodukt som smør, brunost og kvitost, er bra for den norske folkehelsa. Kva i alle dagar har skjedd her? Har norsk mjølk vorte farleg?
mykje metta feitt
Tine har sett seg føre å bidra alt dei kan i ernæringskampen. «Vi gjør Norge sunnere», seier dei, og dei vil gjere det på tre frontar: ved å redusere mengda salt, tilsett sukker og metta feitt dei sender ut til norske forbrukarar gjennom meieriprodukt.
To av punkta er fornuftige. Å redusere sukkerinnhaldet i all Go’morgen-yoghurt, slik Tine har gjort, er utan tvil eit folkehelsetiltak. Det same kan mindre salt i ost vere. Men dei færraste et Selbu Blå Mykere i slike mengder at det får særleg mykje å seie for saltinntaket.
Kva så med feittet? I rapporten som ligg til grunn for kosthaldsråd, Helsedirektoratets «Utviklingen i norsk kosthold 2021», finn vi at nordmenn i snitt fekk i seg 47 gram metta feittsyrer per dag i 2021. Det er 10 gram mindre enn i 1980, då snittet låg på 57 gram.
Rett nok medfører dette eit metta feitt-inntak på 15 energiprosent – som er høgare enn tilrådinga i kosthaldsråda på maksimalt 10 prosent. Og det er overraskande at så mange som 47 prosent av dei metta feittsyrene vi fekk i oss i 2020, kom frå meieriprodukt. Men kva bør Tine gjere med det?
Ikkje øydelegg mjølka
Eit nytt, feittfritt produkt er ein drikk i Tines «treningsserie» Yt. Proteinmelk har ikkje berre fått tilsynelatande høgare proteininnhald; mjølka er altså feittfri. Ja, eg seier tilsynelatande, for sjølv om Tine påstår at mjølka er «filtrert for å få opp proteinmengden», er ho berre filtrert for å få opp proteindelen. Det er ikkje meir protein i proteinmjølk enn i «vanleg» mjølk, men det er mindre vatn – noko som gjer proteindelen av mjølka større. Slik får ein 5,9 gram protein per hundre gram proteinmjølk til 39,90 kroner per liter – mot 3,5 gram protein i ein liter lettmjølk som kostar halvparten (19,90 kroner per liter).
Feittet er derimot ikkje filtrert vekk – det er separert vekk akkurat som i den «vanlege» feittfrie skummamjølka Tine produserer. Samtidig er det noko ved marknadsføringa av denne sunne, treningsvenlege mjølka som uroar meg litt: Tener Tine eigentleg på å manipulere råvara si så mykje før dei kan selje henne som sunn?
Ein av måtane Tine vil redusere mengda metta feitt i produksjonen på, er gjennom kva feittypar som vert tilsette i fôret mjølkekyrne et. Å få inn meir umetta feitt her vil gje meir umetta feitt i mjølka. Og det kan vere lurt, for få fôrtypar har betre feittprofil enn sommarens ferske beitegras. Aller sunnast er det på fjellet, der omega 3-delen er høgast.
Men kyr kan ikkje beite heile året i Noreg, og vi vil ha fersk mjølk også til julefrukosten. Då gjer vi godt i å hugse at om delen metta feitt er noko for høg i norsk kosthald, er den totale feittmengda vi får i oss, faktisk innanfor tilrådinga. Og det vart folk av oss på nittitalet òg, sjølv om ingen tok seg bryet med å filtrere vekk vatnet frå mjølka vi drakk.
Siri Helle
Her sit altså Tine, som er eigd av norske mjølkebønder, og skryter av at dei klarer å selje færre basisprodukt.