Smelta ost
Vitskapen fortel oss kvifor ost smeltar, men han kan også gå for langt.
Ostetrådar: Det skal henge litt frå ein god pizza, skal det ikkje det, då?
Foto: Wikimedia Commons
Ostetrådar: Det skal henge litt frå ein god pizza, skal det ikkje det, då?
Foto: Wikimedia Commons
Det er liten tvil om at seig, salt, feit og varm smelta ost er blant dei gode – ja, nokon vil endåtil seie beste – sidene ved livet. Men kvifor smeltar eigentleg ost? For det er jo ikkje sjølvsagt: Ein goudaost som Norvegia inneheld 46 prosent vatn og 27 prosent feitt. Eit stykke laks ligg ikkje så langt unna: Her er det 16 prosent feitt og 64 prosent vatn. Likevel skal du jobbe hardt for å få ein laksefilet til å smelte.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.