Sjakk
Frå sjakkverda: Herre i eige hus
I Sjakklubben Stjernen sit sjakken i veggane.
Sjakken har alltid vore fattig. Ein sjakklubb har som regel null gjeld og null eigedom. Klubben er berre summen av medlemene. Når medlemene forsvinn, forsvinn klubben. Slik er foreiningslivet i Noreg.
Sjakkspelarar møtest diskret på kveldstid der ingen skulle tru at nokon spela sjakk: Kva gjer du på eldresenteret vårt, du er vel ikkje så gamal? Kom deg ut av klasserommet, skulen er stengd!
Med det finst ei handfull unnatak: sjakklubbar som eig sitt eige lokale. Det er berre då ein får ei kjensle av at sjakken sit i veggane, at sjakklokalet har sjel. I Noreg har vi Bergens Schakklub og Oslo Schakselskap. Jamvel stavinga av klubbnamna har sjel, rett nok som ein arv frå høgborgarskapet i storbyane.
Har «fotfolket» – bøndene på sjakkbrettet er eigenleg fotsoldatar – òg fått seg husly? Ja, Sjakkklubben Stjernen på Grünerløkka er herre i eige hus – og fyller 100 år i år.
Den mest kjende spelaren i klubben var André Bjerke, som var medlem i sju år på 1950-talet då klubben leigde lokale i Folkets hus på Dælenenga på Grünerløkka:
I syv år lå magneten der og trakk:/ der holdt min sjakk-klubb til. I trappoppgangen / var ingen kruttsvidd fanes lukt, men angen /
av innkokt kaffe, turnsko, salmiakk.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.