JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

Frå sjakkverda: Burger med cheapo utan salami

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Faksimile frå Chess Review 1953. Burger sit med dei svarte brikkene og introduserer ein «cheapo».

Foto: Edward Winters chesshistory.com

2230
20240927
2230
20240927

I sjakkhistoria dukkar det opp karakterar som synest meir litterære enn ekte. Avstikkarane i biografien deira kjem heilt uventa. Amerikanaren Karl Burger (1933–2000) var ein slik. Då han spela på sjakklaget til Columbia-universitetet, fann han opp ordet cheapo, som òg vert nytta i norsk sjakksjargong i tydinga «billeg triks».

Burger var ti år eldre enn Bobby Fischer, som han gav leksjonar i Manhattan Chess Club. Bobby sat alltid med ein salami­sandwich under analysane. Det var eigenleg ikkje lov å eta i klubben, men ein gjorde unntak for det unge geniet. Sjakkbrettet var fullt av smular frå sandwichen, noko Burger mislikte sterkt, og som gjorde at han utvikla eit livslangt hat mot salami.

Burger var lækjar, men heldt fram med å bu heime hos foreldra og hushalderska deira. Som 40-åring hadde han tent nok pengar og slutta i jobben for å verta fulltids sjakkspelar. Han meinte at svevn var viktigare enn opningsteori, og sentralt i sjakklivet hans var ei god pute. Amerikanske hotell hadde store, gode senger, men det var verre i Europa. Burger sende difor ei pute i posten nokre veker før han kom til sjakkhotellet. Verst var Noreg og turneringane på Gausdal. Sengene på høgfjellshotellet var så smale at dei minte om ei likkiste, skriv amerikansk-ukrainske Orest Popovytsj, som var saman med venen sin på Gausdal på 1980-talet.

Dei to gjekk turar i norsk fjellnatur og diskuterte ukrainsk historie. Kongstanken til dr. Burger var korleis verda hadde vore om svenskekongen Karl 12. og ukrainaren Ivan Mazepa hadde vunne slaget ved Poltava i 1709. Ukraina ville ha vore eit fritt land. Det ville ikkje ha vore noko russisk imperium, ingen fyrste verdskrig, ingen andre verdskrig. Og det ville ikkje ha vore nokon amerikansk ekspedisjon til Gausdal, av di Popovytsj ikkje ville ha emigrert til USA, men levd lukkeleg i Lviv.

Då foreldra til Burger døydde, flytte hushalderska gjennom 30 år heim til delstaten Georgia, til eit varmare klima. Burger kunne ikkje leva utan hushalderska og flytta etter. Ho stelte for han til ho døydde i 1996. Burger sat heime og spela sjakk nokre år på Internett fram til han døydde i 2000.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonalmeister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis