«Sjakken er som livet. Når verda går av hengslene, fylgjer sjakkverda etter.»
Carlsen, utan hjelm, i tidsnaud i Budapest, på leiting etter spelelokalet.
Foto: Maria Jemiljanova / Chess.com
I førre veke tapte Christopher Yoo (17) mot Fabiano Caruana i USA-meisterskapen. Ungguten svara med å gå til fysisk åtak på ei ukjend kvinne i lokalet. Politiet kom, og Yoo er ferdig i sjakken.
Nokre dagar tidlegare vart Kirill Sjevtsjenko (22), det største ukrainske talentet på ti år, teken i mobiljuks på toalettet. Han er ferdig.
Verdsmeisteren Ding Liren (32) har ikkje vunne eit klassisk sjakkparti sidan januar i år. Ingen verdsmeister i historia, 17 i talet sidan 1886, har vore like dårleg over så lang tid. Den altfor sympatiske kinesaren er deprimert og har fått ein psykisk knekk. Eg trur han er ferdig i toppsjakken.
Skandalemakar Hans Niemann (21) har fått ein ny mentor, den meir og meir rabiate eks-verdsmeisteren Vladimir Kramnik. Russaren skuldar «alle» for juks (med unnatak av Niemann?) og finn sanninga langs aksen Putin–Trump.
I denne verda av galskap ler Magnus Carlsen heile vegen til banken og nyt livet. Han skal flytta til varmare strøk og spela golf. Under ei sjakkshowturnering i London tidlegare i månaden spela han poker om kvelden med den ferske nobelprisvinnaren i kjemi, KI-guruen og sjakkspelaren Demis Hassabis. Carlsen er kan henda framleis best i klassisk sjakk, men han synest ikkje lenger ha nokon store ambisjonar der.
Carlsen var likevel god og solid for Noreg i sjakk-OL i september, men størst oppsikt vekte episoden då han på sjarmerande vis sykla seg vill i eit apokalyptisk regnvêr i Budapest og ved eit under ikkje tapa på tid mot Colombia (han vann partiet, drypande våt).
Er det nokon som framleis spelar seriøs, gamaldags, klassisk sjakk? Ja, dei unge indarane. Dei er så sindige, intelligente og høflege – det er aldri noko tull. India vart suveren vinnar av både open klasse og dameklassen i sjakk-OL. 18 år gamle Gukesh D på fyrstebordet tok fantastiske 9 av 10 poeng med ein ratingprestasjon på 3056. Carlsen og sjakkverda vart ståande og måpa på sidelina. No ventar alle at den indiske tenåringen vinn VM-kampen mot Ding Liren i november.
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.