Fugleperspektiv
Grønfinkgrønt
Grønfinkar lever som regel nokre år, men rekordar etablerte gjennom ringmerking ligg over ti.
Om vinteren vitjar frøetaren grønfink gjerne matarar. Biletet syner skilnaden i fjørdrakt mellom hoe (t.v.) og hanne (t.h.).
Foto: Sveinung Lindaas
Medan vi gjekk i gråvêr og mørketid, omringa dei oss i si usynlege prakt: Grønfinkar er vanlege i Noreg, men dei er ikkje like kjende som andre vinterartar, slik som kjøtmeis, blåmeis og gråsporv. Ikkje at grønfinkar er skye, særleg ikkje i den kalde årstida, då dei gjerne oppsøkjer fôringsplassar. Men dei går i større grad under radaren.
Den norske hekkebestanden er vurdert til å liggje mellom 270.000 og 800.000 individ. Vert du kjend med lydane grønfinken lagar, vil du snart skjøne om det er nokon i nærleiken. Og er dette tilfellet, vil du kanskje høyre dei ofte: Desse sosiale finkane kan vere pratsame. Når du fyrst har lært dei, er flukt- og kontaktlydane umiskjennelege (høyr lyden her). Dei er mjuktboblande og strekkjer seg ut på himmelen som lydperler på ei vassrett snor. Kanskje er det slik ei domarfløyte med ein liten ball inni seg høyrest ut om ein sakkar ned lyden hennar. Grønfinken brukar også eit oppovergåande rop, ei glatt plystring, som varsellyd (høyr her).
Førre haust høyrde eg dei rope over hovudet på meg kvar gong eg var framme på skulen der eg underviste i naturfag. Grønfinkar var ikkje dei einaste som røpte nærværet sitt. Også grønsisikar, stillitsar og gråtrastar var til stades. Ein dag kima også dei mjuke ropa til dompapen, og stadig oftare etterpå.
Den kalde, mørke sesongen var komen, og han var full av liv – lista frå himmelen er ikkje uttømande. Mellom trea tala det fleire – flaggspett, spettmeis, trekrypar. Eit par novembermorgonar før naturfagtimen sette eg opp eit fangstnett i eit lite skogholt. I nettet kom det over femti individ, fordelte på sju artar. Alle fekk ring kring beinet, og dataa vert no sjølvsagt sende til Ringmerkingssentralen ved Stavanger Museum.
Held ein ein av desse standfuglane i handa seinhaustes, vert ein slått av kor fargerike dei er, grønfinken ikkje minst. Her lyser knallgule vengje- og stjertfjører i det dimme lyset – hos hannar i sterkare grad enn hoer, men hos dei òg finst dei gule bremmane. Dei vert synlege for fullt når ein breier ut stjerten og vengja. Om hausten er det desse kroppsdelane som røper aldersklasse: Er stjertfjørene spisse, vart fuglen fødd om våren eller sommaren same år. Er dei runde, har vi med ein vaksen å gjere, som minst er i sitt andre kalenderår.
Grønfinkar lever som regel nokre år, men rekordar etablerte gjennom ringmerking ligg over ti. Skilnadene i fjørfasongen kjem av myting, eller tidspunkta på året då fuglane skifter ut fjører. Hos grønfink, som hos ei rekkje andre sporvefuglar med nordleg utbreiing, skifter dei vaksne heile fjørdrakta etter hekkesesongen. Stjertfjørene er då ganske ferske om hausten og har ein mjuk, avrunda ende.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.