Fugleperspektiv
Grønsisiken er ein liten akrobat og rører seg grasiøst i alle retningar
Kva denne hannen (t.h.) og denne hoa (t.v.) fortel kvarandre, er ikkje lett å seie. Men grønsisikar er sosiale fuglar og kan danne stabile flokkar, der ulike tilhøve mellom individa gjeld.
Foto: Sveinung Lindaas
Eg har dårleg
tid denne januarmorgonen og spring så fort eg kan i mørkeret og på hålka, forbi dei tynne bjørketrea som står ved
Akerselva i Oslo. Plutseleg må eg stanse: Frå eit av dei kjem det ei svak,
variert og ubroten kviskring. Det tek ei stund før eg får auga på dei: to små, runde vesen som sit nære
kvarandre i tre meters høgd.
Det er så mørkt at
det einaste eg skimtar, er eit par kraftige nebb og lyse bryst med mørke striper som renn loddrett langs sidene.
Songen er så uventa denne januarmorgonen at han forvirrar dei vinterrustne øyro mine. Rask og melodisk, lågmælt og hås samstundes: ei kraftfull kviskring, med
innslag av hysterisk lått.
Januar er ein songstille månad nord i Europa. Fuglane som ikkje har trekt sørover, lagar mange lydar, men song er sjeldan. Sjølv raudstrupen er fåmælt, ein
art som på kontinentet
syng for full hals gjennom vinteren. Kvifor der og ikkje her, må eg av og til lure på, sjølv om det
ikkje manglar på fornuftige
forklåringar: vanskelegare tilgang på næring, lægre
temperaturar, kortare lyse dagar, for ikkje å nemne alle dei individa som har reist ein annan
stad om hausten.
Men til botnar i spørsmål om fuglesong når ein aldri, og årets fyrste utbrot her nord vekkjer kvar gong ei eiga
undring. Etter ei stund kjem eg fram til artsnamnet: Dei to songarane er grønsisikar. I denne arten har den vaksne hannen
gulgrøn fjørdrakt,
med svart på panna,
issen og under nebbet. Hoa har rolegare fargar – ei gråbeige
fjørdrakt med grønt skjær, utan
svart i hovudregionen.
Eg vert ståande og høyre på den vakre, uthalande songen i mørkeret, og vurderer å kome seint på jobb – om eg i tillegg kunne sett dei i sollyset. Men fornufta, eller
kva enn det er, tek over, og eg riv meg laus, med eit dårleg mobilopptak i handa: ein januarsong, årets fyrste.
Eg får dei ikkje ut av hovudet og dreg attende neste
dag. Det lavar ned, og plassen er som forventa stille og tom. Den vesle flokken
har nok drege ein annan plass. Eg kjem ikkje til å høyre grønsisiksong igjen på ei god stund, sjølv om arten er vanleg i Sør-Noreg i dei kalde månadene, og tel blant dei få som stundom syng i mørketida.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.