Sjakk

Handikap før og no

Verdsmeisteren Mikhail Tal briljerte i lystig lag med eit handikaptriks: Tal lovde å setja amatøren matt med ein springar på eit felt amatøren valde før partiet. I røynda er dette eit lite handikap, sidan trollmannen Tal kunne veksla inn ein bonde på åttanderada til ein ekstra springar om naudsynt.
Verdsmeisteren Mikhail Tal briljerte i lystig lag med eit handikaptriks: Tal lovde å setja amatøren matt med ein springar på eit felt amatøren valde før partiet. I røynda er dette eit lite handikap, sidan trollmannen Tal kunne veksla inn ein bonde på åttanderada til ein ekstra springar om naudsynt.
Publisert

Den reine duellen mellom to jamgode hjernar kan, på eit visst nivå, vera ufatteleg interessant. Problemet til duellsportane er at det er heilt uinteressant å spela mot dei som er på eit mykje lægre nivå. Når nokon seier jovialt «vi må ta eit parti ein dag», tenkjer eg alltid «nei, det må vi ikkje».

Då ville eg heller ha vore i eit sosialt lag med prins Philip. Under ei tilstelling på Buckingham Palace kom hertugen av Edinburgh i prat med VM-utfordraren Nigel Short: «Sjakk? Kvifor det? Gjer heller hagearbeid – då kjem du deg ut og får litt mosjon.»

Men kva gjer ein i sumarferien når borna vil spela sjakk? Å tapa med vilje er ei synd. Alternativet er heller ikkje uproblematisk: å slå ungen på brettet til han græt, og så seia som far til seinare verdsmeister Anatolij Karpov: «Om du græt når du taper, spelar eg aldri meir med deg.» Tolja (5) svelgde tårene og stilte opp brikkene til nytt parti.

Det beste er å spela med handikap. Då son min var seks år, spela vi ei heil veke på bassengkanten i Mallorca. Eg byrja utan dronning og to tårn den fyrste dagen, så utan dronning og eitt tårn den neste dagen. Det var vinn–vinn: Eg freista vinna på kreativt vis, og son min oppdaga ei ny verd.

Handikapsjakk var vanlegare før. Det fyrste sjakkgeniet, Paul Morphy (1837–1884), kunne slå alle heime i USA med springar «i forgåve», som ein seier. Han kunne spela utan f7-bonden mot dei beste i Europa.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement