Diktet

«Haugtussa inspirerer unge songarar og artistar enno den dag i dag.»

Publisert

Arne Garborg døydde 14. januar 1924, berre ein månad før Olav Nygard. Arne Garborgs forfattarskap blir òg markert rundt omkring i landet. Haugtussa går på to teater i hovudstaden. På dødslega fortalde Nygard at den beste tida i livet hans var då han budde hjå Arne og Hulda Garborg i Asker, imellom 1909 og 1911. Garborg fekk sjå eit utkast av eit skodespel av Nygard i 1908. Garborg skrytte av arbeidet, og Nygard sende eit takkebrev attende.

Hulda Garborg prenta dette brevet i Garborgs dagbøker då dei kom ut i 1925, men visse setningar vart for ekstatiske for Hulda, ho tok dei ikkje med: «De tok hugen min i 14–15 aars alderen, og sidan hev De sete til høgsætes hjaa meg, med ei ljosbragd som hev lokka himmelfødd traa og skirande trivnad upp av mine vokstergrunnar. Eg hev ròse i sol-sviv berre eg hev høyrt namnet Dykkar».

Arne Garborg hadde vona at Nygard ville stige fram som dramatikar, men som vi veit, enda Nygard som lyrikar. Veslemøys ord i Haugtussa (1895) kunne ha vore Nygards: «Aa heller vil eg/ med Augo sjaa,/ enn dauv og blind/ gjenom Verdi gaa/ og ikkje det sanne skilja!». Kanskje meinte Nygard nett dette langdiktet då han fortalde om «ljosbragda» som opna sansane hans?

Det finst passasjar i Haugtussa som minner om Nygards dikt. «Ei tung stund» fortel at Veslemøy blir freista til å drikke «Staupet breddfullt med Vin», ein trolldomsdrykk: «Drikk, so opnar seg Kongens Borg! Drikk, so gløymer du all di Sorg». Nygard talar om ein liknande «blundedrykk» som han ikkje makta tømme i «Eg andar hol på kvitan is».

Det er med dette i bakhovudet vi må lesa det kjende portrettet «Veslemøy». Det handlar om sjåaren, blyg og brydd utanpå, men i strid med sterke krefter innvendig. Ho kjenner faren i det å kverve «langt inn i ein annan Heim».

Difor har Haugtussa inspirert diktarar, ikkje berre Nygard, men òg Olav H. Hauge, som i dikt og dagbøker omtalar grensa mellom galenskap og inspirasjon. Og difor inspirerer Haugtussa unge songarar og artistar enno den dag i dag.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement