Diktet
«Havfruen» av Jonas Lie
Foto: Nasjonalbibliotek / Wikimedia Commons
Denne gongen presenterer eg eit dikt eg er fascinert av, men ikkje heilt forstår. Det er henta frå Fortællinger og Skildringer fra Norge av den kjende forfattaren Jonas Lie, utgjeve i 1872. Boka inneheld fire forteljingar: «Nordfjordhesten», «Søndmørs-Ottringen», «Finneblod» og «Svend Føyn og Ishavsfarten». Diktet nedanfor er henta frå «Finneblod». Men diktet er prenta opp att i Digte (1889). I «Finneblod» er havfrua kopla til historia om Zilla, frå ein sjøsamefamilie.
Eg les diktet her som ein sjølvstendig tekst. Vi skjønar ikkje heile diktet, men fantasien hjelper oss fram til ei tolking. I fyrste strofe er det ein dialog mellom to personar. Det er tydelegvis ein gut og ei jente. I fyrste strofe leikar dei leiken vi kallar «terge båra», der ein må passe seg så ein ikkje blir teken av «havkallen». Dette er ein leik mange har leika langs kysten, ein leik med farlege fylgjer.
«Kallen i Havet», eller havkallen, er ein mytisk skapnad som lokkar jenter ned i havet. «Havgula» er namnet på ein vind som blæs frå havet og inn mot land, særleg om sumaren, ho er fuktig og fører ofte skodde med seg. «E’fugl» er sjølvsagt ærfugl. I tredje strofe er det jenta som har ordet, ho minnest ein gong guten skaut med rifle etter ein ærfugl, men råka jenta. Kanskje er det ho som lever som havfrue.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.