Frå sjakkverda

Hegge

Per Egil Hegge (1940–1923), fotografert i 1984.
Per Egil Hegge (1940–1923), fotografert i 1984.
Publisert

I gamle dagar, før internett, var skilnaden enorm på dei som var innanfor og dei som var utanfor det gode selskap. Berre dei som var i eit klubbmiljø, skjøna kva vi dreiv med. Flogvitet Per Egil Hegge var utanfor, men den einaste av dei som våga seg inn. Det var i 1985, trur eg, i Oslo Schakselskap på Majorstua. Den markante formannen, politisk redaktør i Morgenbladet Knut Bøckman, hadde invitert kollegaen frå Akersgata for å kåsera om VM-kampen i Moskva mellom Karpov og Kasparov.

Eg var 13–14 år og tykte ideen var idiotisk. At ein utanfrå skulle snakka til oss om sjakk. Hegge klarte seg fint, men eg hugsar framleis at han rota eit par gonger med sjakksjargongen. Han hadde våga seg inn i løvehola. (Så arrogante var vi.)

Om lag 30 år seinare fekk vi kontakt då han skreiv ei språkspalte i Aftenposten om russisk sjakkspråk. Eg inviterte han til å opptre på ei boklansering i 2016. Han heldt eit innlegg og deklamerte eit sjakkdikt av André Bjerke. To år seinare, i 2018, inviterte eg han til å høyra på meg prata om sjakk. Han kom då òg. Det hadde eg aldri trudd. No rekna eg han som ein ven.

Og så kom ein irriterande episode. Hegge sa til redaktør Gjerdåker at sjakkspalta i Dag og Tid var den nest beste, etter El País. Eg veit ikkje kor mange gonger Gjerdåker har mint meg på dette, eg likar det ikkje. Vi er då betre enn El País. (Så arrogante er vi.)

3. januar 2021 kommenterte eg direkte på NRK då vi nytta uttrykket «Ein springar på rand er ein springar i sand.» Nokre minutt seinare las studiovert Heidi Røneid jovialt opp ei melding frå ein «anonym» sjåar: «Per Egil skriv i ein e-post at uttrykket kjem frå tysk ‘Ein Springer am Rand bringt Kummer und Schand.’» Eg braut ut i lått: «Per Egil? Men det er jo Hegge!»

Dagen etter ringde Hegge meg. Han fortalde om utvisinga frå Moskva, og då han i 1976 bad Jahn Otto Johansen senda nokre nye russiske sjakkbøker til Oslo. I postkassa kom åtte bøker om spelet dam. «Du skulle fått sparken for slik ukunne,» melde Hegge attende til Moskva. Men det viste seg at Johansen hadde eit poeng: Alle sjakkbøkene var konfiskerte frå bokhandlane då sensuren måtte fjerna namnet på avhopparen Viktor Kortsjnoj.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement