Frå sjakkverda

Historia om dr. List

Publisert

Det beste biletet som finst av dr. List, syner sjakkspelaren som kom inn frå kulda. Dr. List er som ein karakter i ein dårleg spionroman. Ingen veit kva han hadde doktorgrad i. Det vart sagt at han levde som kunsthandlar. Den mystiske gamle mannen vann den britiske lynsjakkmeisterskapen i 1953. Året etter døydde han, 66 år gamal.

Og så det mest interessante: Som vinnar av meisterskapen stilte han utanfor konkurranse av di han ikkje var britisk. Han var «russar», sa folk.

Eg veit ikkje kor mange gonger eg har sett misbruk av nemninga «russar». Trump, kjend for sitat som «I know words. I have the best words», er eit farleg aktuelt døme på ein som ikkje skjønar skilnaden på «russisk» og undersått i ulike imperium, når han ukritisk tek opp att historieforteljinga til Putin.

Paul Keres, ofte rekna som den beste som aldri vart verdsmeister, arresterte Bobby Fischer, som i 1961 sa: «I have beaten all the Russians.» Keres var ikkje samd: «Du har slått ein latviar (Mikhail Tal), ein armenar (Tigran Petrosjan) og ein ukrainar (Jefim Geller), og eg er estlendar.» «You’re all Russians to me!”, svarte den 18 år gamle amerikanaren.

Russarar her og russarar der, russarane kjem… Var eigenleg Paul List «russar»? Eg fann svar i ukrainske kjelder. Mannen var frå Litauen, mest sannsynleg fødd i 1887, og heitte Odes til etternamn. Men då han drog til Odesa for å studera, fekk han problem med posten. På russisk/ukrainsk heiter byen «Odesu» i akkusativ kasus (= til Odesa), medan mannen heitte «Odesu» i dativ kasus (= til Odes). Det enklaste var å endra namnet til List, slik at posten kom fram.

Før den fyrste verdskrigen var studenten den beste spelaren i Odesa, og han var sentral då Aleksandr Alekhin, russisk aristokrat og seinare verdsmeister, vitja byen. Med revolusjon og borgarkrig flykta List til Tyskland, der han møtte verdsmeister Emanuel Lasker. List kunne tysk frå oppveksten i Litauen. Då Hitler tok makta, flykta jødiske List vidare til England.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement