Frå bridgeverda
Hjarta, spaði, tígull, lauf …
Jón Baldursson (1954–2023), Islands fremste bridgenamn. Foto via Wikimedia Commons
Foto via Wikimedia Commons
… þú ert með opna
buxnaklauf.
Vi byrjar med ei velkjend islandsk barneregle
i dag, sidan den årlege bridgefestivalen i Reykjavík nyleg gjekk av stabelen i
operahuset Harpa. Som vanleg trekte feite premiar mange internasjonale stjerner
til den januargråe islandske hovudstaden.
Uoffisiell forsking syner at
islendingane generelt er glade i komplisert hjernetrim, og at bridge er særleg
populært i land der det kan vera vanskeleg å spela fotball om vinteren.
Bridgesamband Íslands vart stifta i 1948 og har i dag rundt tusen medlemer.
Det store lyftet for bridgenasjonen
Island kom i VM for nasjonslag i Yokohama i 1991. Ingen hadde rekna med at
Island ville hevde seg der, men dei kom seg gjennom gruppespel og kvartfinale
og vann knapt i semifinalen mot Sverige, noko som vekte stor åtgaum heime på
øya. Ei gruppe islandske turistar som var på ferie på Filippinane, chartra eit
fly til Japan for å kunne fylgje finalen på nært hald.
Motstandar der var Polen, eit lag
som på dette tidspunktet heller aldri hadde vore i ein VM-finale. I ein
parentes kan det nemnast at polakkane i sine rekkjer hadde Cezary Balicki og
Adam Żmudziński, eit stjernepar som for ti år sidan
vart skulda for juks, og som i ettertid knapt har vore å sjå. Om dei juksa i
Japan, er ikkje lett å vita, men dei gjorde det i så fall ikkje godt nok, for
islendingane vann finalen med brukbar margin.
Frontfiguren på vinnarlaget var Jón
Baldursson frå Reykjavík, Islands beste spelar gjennom mange tiår, som døydde i
2023. I 1991 var det store oppslag i islandske medium om alle dei nye
verdsmeistrane, blant anna eit portrett av Baldursson i avisa Dagblaðið Vísir, som eg prøvde å lesa som research til denne
spalta. Saka viste seg å vera blotta for bridge; til vederlag fekk eg servert
Baldurssons stamtavle bortimot attende til landnåmstida. Ta kontakt om du ynskjer
utfyllande info.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.