Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Hjerneskaking

Etter ei gjennomgått skaking vil hjernen vera spesielt sårbar ei tid, slik at ein ny ­hovudskade kan verta katastrofal.

Illustrasjon: Patrick J. Lynch / Wikimedia Commons

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
5000
20240301

Haldor Slettebø er spesialist i nevrokirurgi og skriv om medisin ein gong i månaden.

Ein mann (60) ligg urørleg i skibakken etter eit spektakulært fall. Kona hans kjem hakk i hæl. Ho ropar til mannen, men får ikkje svar. Langsamt vaknar han til, bablar litt, det kjem nokre einstavingsord, og etter kvart svarar han.

Med litt hjelp kjem han seg på beina. Han har ein øm kul i bakhovudet, hugsar ikkje kva som har skjedd, omtåka som han er. Mannen er ikkje seg sjølv, tykkjer kona. Det tek ein halvtime før han er heilt attkjennande.

Med denne sjukehistoria får han diagnosen heileskaking eller hjerneskaking; commotio cerebri på fagspråket. På bokmål hjernerystelse. Han har dunka bakhovudet mot eit hardt underlag og fått symptom på at heilen, hjernen, er blitt skaka. For det fyrste eit kortvarig medvitstap: ein periode han ikkje var til å få kontakt med. Det fortel om ein relativt kraftig skade. For det andre eit minnetap: han hugsa ikkje noko av det som hende. Han har altså eit tomrom i minnet, ein amnesi, på mange minuttar – både før og etter sjølve skaden. For det tredje var han forvirra og hadde uskjøneleg tale ei kort stund etter skaden.

«Aller viktigast er det å observera kor vaken pasienten er, og om han er orientert.»

Behandling

Alle desse symptoma viser at hjernefunksjonen var påverka av skaden, men også at tilstanden betra seg raskt. Dersom me hadde teke CT- eller MR-bilete, ville dei mest sannsynleg ha vist at hjernen hans såg normal ut. Hovudet toler ganske mykje av ytre påkjenningar før hjernen får synleg skade. Men funksjonen i nervecellene toler mindre. Difor kan minnet og medvitet falla ut for ei kort stund sjølv om hjernen ser intakt ut på bileta.

Det vanlege er at sviktande hjernefunksjonar, som medvitstap, forvirring og uklår tale går over på nokre minuttar etter ein lettare hovudskade. Minnetapet, amnesien, kan vera meir omfattande og i nokre tilfelle spenna over mange timar.

Den uheldige skilauparen vår har hatt så alvorlege symptom at han bør observerast på sjukehus med det same. Aller viktigast er det å observera kor vaken pasienten er, og om han er orientert. Ein sjeldan gong, kanskje i 1–2 prosent av tilfella, kan det koma ei forverring i tilstanden ved at pasienten blir desorientert, surrete, trøytt og sløv, kanskje medvitslaus. Det tyder på ei kompliserande indre bløding, noko som krev snøgg operasjon.

Etter ei gjennomgått skaking vil hjernen vera spesielt sårbar ei tid, slik at ein ny hovudskade kan verta katastrofal. Difor treng pasienten ro i eit par dagar, deretter må aktiviseringa skje steg for steg, med jamn framdrift så lenge restsymptoma er lette og på retur. Fotballspelarar, til dømes, må gjennomgå streng vurdering hjå lækjar før dei får koma tilbake på banen etter ei gjennomgått hjerneskaking.

Rotasjon ved slag gjer vondt verre og aukar risikoen for hjerneskaking, som til dømes då José María Gatica møtte Luis Federico Thompson til boksekamp i 1952.

Seinfylgjer

Hovudverk er det vanlegaste symptomet etter hjerneskaking. I tillegg kan ein vera irritabel, lyssky, kjenna seg svimren, oppleva konsentrasjonsvanskar og synsforstyrringar eller vera uvanleg trøytt. Dei fleste symptoma går over etter ei veke eller to. Stundom kan det ta litt lengre tid, men som regel vil utsiktene vera gode.

Nokre få pasientar får langvarige plager i form av hovudverk, trøyttleik og konsentrasjonsvanskar. Vedvarande plager i mange veker, såkalla post-commotio-syndrom, kan tala for oppfylging hjå spesialist – med revurdering av diagnosen og elles retta mot dei dominerande problema. Som oftast dreier det seg om migrene, depresjon, svevnvanskar, nakkeplager eller synsforstyrringar.

Elles veit me at hovudskadar kan vera skadelege også på lang sikt. Det er kjent at fotballspelarar og boksarar har auka risiko for demensutvikling seinare i livet, truleg som fylgje av ein idrettskarriere med hjerneskakingar.

Grader av skadar

Nokre få hovudskadar er så massive at dei er dødelege med det same. I Ynglingesoga, til dømes, høyrer me om kong Adils, som fall av hesten, at «hovudet hans kom mot ein stein så hausen brotna, og hjernen vart liggjande på steinen. Det vart banen hans».

I vår tid kan moderne behandling av ikkje fullt så alvorlege skadar stundom vera livreddande. Det kan skje med akutt kirurgi der ein fjernar ei blodkake som trykkjer på hjernen, etterfølgd av langvarig intensivbehandling. Heldigvis er det eit fåtal av hovudskadane som krev så omfattande behandling. Dei aller fleste, truleg godt over 90 prosent, er av det «lette» slaget, det vil seia av typen hjerneskaking – med god prognose for fleirtalet av pasientane.

På glattisen

I Noreg ser me langt færre hovudskadar enn i mange andre land, sidan me har færre alvorlege trafikkulukker og mindre vald. Men over år finn me ein tydeleg tendens til at fleire eldre blir råka av hovudskadar, oftast i samband med fall i trapp eller på glattisen. Og dei over 70 toler dette langt dårlegare enn dei unge. Kanskje eldrebylgja går over av seg sjølv?

Haldor Slettebø

hsletteb@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Opprørssoldatar ved ei brennande kiste i mausoleet til Hafez al-Assad, som styrte Syria frå 1970 til han døydde i 2000. Mausoleet til den tidlegare diktatoren står i landsbyen Qardaha i Latakia-provinsen nordvest i landet.

Foto: Aaref Watad / AFP / NTB

Samfunn

I oska etter Assad

Ikkje alle i Syria jublar over at diktaturet har falle.

Per Anders Todal

Ein mann trakkar på ein plakat av Bashar al-Assad i Damaskus.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters / NTB

KommentarSamfunn
Cecilie Hellestveit

Uviss lagnad for Syria

Det store spørsmålet no er kva som vil skje framover i Syria, etter at opposisjonen overraskande fort tok over heile det regimekontrollerte Syria nesten utan militær motstand.

Andrea Bræin Hovig og Tayo Cittadella Jacobsen i rollene som Marianne og Tor, som møtest på Nesoddferja.

Foto: Arthaus

FilmMeldingar
Brit Aksnes

Leiken kjærleik

Alle gode ting er faktisk tre, om du lurte på om trilogien til Dag Johan Haugerud held heilt til mål.

Finansminister og leiar for Senterpartiet Trygve Slagsvold Vedum på landsstyremøtet i år. Partiet har falle kraftig på dei nyaste meiningsmålingane.

Foto: Thomas Fure / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

– Populisme er ikkje noko å vere redd for

Trass i dårlege meiningsmålingar har statssekretær Skjalg Fjellheim trua på at Senterpartiet har den beste politikken for Noreg.

Lysspel på fasaden av Notre-Dame 6. desember,  fem og eit halvt år etter brannen som la katedralen i ruinar.

Foto: Sarah Meyssonnier / Reuters / NTB

Feature

Frå oskehav til lysfest

PARIS: Notre-Dame kan atter bevege, forkynne og forføre.

Bjørn Kvalsvik Nicolaysen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis