Hjerneskaking

Etter ei gjennomgått skaking vil hjernen vera spesielt sårbar ei tid, slik at ein ny ­hovudskade kan verta katastrofal.

Publisert Sist oppdatert

Ein mann (60) ligg urørleg i skibakken etter eit spektakulært fall. Kona hans kjem hakk i hæl. Ho ropar til mannen, men får ikkje svar. Langsamt vaknar han til, bablar litt, det kjem nokre einstavingsord, og etter kvart svarar han.

Med litt hjelp kjem han seg på beina. Han har ein øm kul i bakhovudet, hugsar ikkje kva som har skjedd, omtåka som han er. Mannen er ikkje seg sjølv, tykkjer kona. Det tek ein halvtime før han er heilt attkjennande.

Med denne sjukehistoria får han diagnosen heileskaking eller hjerneskaking; commotio cerebri på fagspråket. På bokmål hjernerystelse. Han har dunka bakhovudet mot eit hardt underlag og fått symptom på at heilen, hjernen, er blitt skaka. For det fyrste eit kortvarig medvitstap: ein periode han ikkje var til å få kontakt med. Det fortel om ein relativt kraftig skade. For det andre eit minnetap: han hugsa ikkje noko av det som hende. Han har altså eit tomrom i minnet, ein amnesi, på mange minuttar – både før og etter sjølve skaden. For det tredje var han forvirra og hadde uskjøneleg tale ei kort stund etter skaden.

Behandling

Alle desse symptoma viser at hjernefunksjonen var påverka av skaden, men også at tilstanden betra seg raskt. Dersom me hadde teke CT- eller MR-bilete, ville dei mest sannsynleg ha vist at hjernen hans såg normal ut. Hovudet toler ganske mykje av ytre påkjenningar før hjernen får synleg skade. Men funksjonen i nervecellene toler mindre. Difor kan minnet og medvitet falla ut for ei kort stund sjølv om hjernen ser intakt ut på bileta.

Det vanlege er at sviktande hjernefunksjonar, som medvitstap, forvirring og uklår tale går over på nokre minuttar etter ein lettare hovudskade. Minnetapet, amnesien, kan vera meir omfattande og i nokre tilfelle spenna over mange timar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement