Kunnskap

Hormon

Før insulinet vart oppdaga, var det ei tid med blømande kvakksalveri for å kurera diabetes.

Wegovy er ein diabetes- og fedmemedisin produsert av Nova Nordisk.
Publisert Sist oppdatert

Visste du at små gutefoster i mors liv har like mykje testosteron i blodet som vaksne menn? Det er eit hormon som gjer at dei utviklar mannlege kjønnsorgan tidleg i fosterlivet. Hormona pregar oss sterkt både fysisk og psykisk, kanskje meir enn me tenkjer over til dagleg.

Mange av oss har nok røynt kor sterkt hormona verkar når redsla grip skikkeleg tak. Puls og pust går raskare, musklane spenner seg, hjartebanken kjennest tydeleg, og det går kalde ilingar nedover ryggen. Kroppen er klar til forsvar eller flukt før du har fått sukk for deg. Slik kan det kjennast når stresshormon frå binyrene, først adrenalin og deretter cortisol, for alvor tek styringa og mobiliserer til snøgg handling.

Til kvardags arbeider hormona våre likevel helst i det stille, nesten umerkeleg, og regulerer det meste: energinivå, blodtrykk, blodsukker, væskebalanse, saltbalanse, stoffskifte, immunsystem, matlyst, vokster, kjønnsleg utvikling og reproduksjon.

I samspel

Hormon er signalmolekyl som driv ikring i blodet i små mengder, utsende frå spesialiserte kjertlar for å skru opp eller ned kroppsfunksjonar, lokalt eller i heile kroppen.

Skjoldbruskkjertelen på halsen, til dømes, dannar hormonet thyroxin som regulerer energistoffskiftet. Den fine normale balansen føregår i samspel med hypofysen, ein ertestor liten kjertel som heng på undersida av hjernen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement