Diktet
«Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg.»
Foto via Wikimedia Commons
Den personen som var viktigast for Olav Nygard, var utan tvil Hulda Garborg (1862–1934). Det har alt stått ein artikkel på prent i Dag og Tid om tilhøvet mellom dei. Hulda Garborg er ein av dei store, gløymde forfattarskapane i Noreg. Eg har valt eit dikt frå ei av dei to diktsamlingane ho gav ut, «Solrenning» frå Kornmoe. Vers og visor (1930). Det er ei av få bøker ho skreiv på nynorsk – jamvel om det også er riksmålsdikt i boka, som ho skreiv i ungdomen. Kornmo viser til lyn ein kan sjå, utan at ein høyrer tore. Det er eit fenomen som oppstår om seinsumaren – og det er òg ei sumarkjensle i dette diktet, samtidig som at himmelfenomen står i sentrum.
Dei fire rimlause, men strengt metriske strofene er grundig komponerte. I fyrste strofa fortel diktaren at ho vaknar og går ut på altanen og speidar ut, både ut i eit landskapspanorama og i hagen. Stilla blir broten av ei veldig rørsle – ikkje av ljod, men av ljos, av morgonroden som kjem som «ein sjø av smelta gull og purpur», som det heiter i den andre strofa. Denne solflaumen blir skildra som ein omvend tsunami i tredje strofe, himmelsjøen fyller heile landskapet, trea blir gylte som kapitél – det er prydde, klassiske søyler. Det er som om ein var i Sør-Europa. Sola vekkjer «upp til dagens dåd og sæle». Det blir utdjupa i siste strofe: Ho gjev liv til bier og blomar i hagen. Diktaren bøyer seg audmjukt for dette synet, som ho fagnar som om det var det fyrste ho såg, som eit jentebarn.
Det er eit barokt dikt, men Hulda Garborg balanserer ved å ramme «ordflaumen» inn ein takttung, trokeisk rytme, og samtidig ved omtalen av den vesle fuglen i tuntreet som kontrast til patosen i ord som «himmelharpor». Diktet vitnar òg om ekte kjensler, for det er hagen på heimstaden, Labråten, ho syng om. Samtidig er inspirasjonen frå Nygard tydeleg, som Tor Obrestad har peika på i biografien sin om Hulda. Dermed minner det òg om andre Nygard-inspirerte dikt, som «Gartnaren drøymer» av Olav H. Hauge, jamvel om tematikken der er annleis.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.