Frå sjakkverda

Iransk kvinne avslørte Fide

Bayat sytte for ein PR-katastrofe for russiskstyrte Fide då ho skreiv om saka si og publiserte desse to bileta på Twitter.
Bayat sytte for ein PR-katastrofe for russiskstyrte Fide då ho skreiv om saka si og publiserte desse to bileta på Twitter.
Publisert

Om nokon skulle vera i tvil om hykleriet og dobbeltmoralen i Fide, vart verdssjakkforbundet denne veka avslørt av Shohreh Bayat (35). Problemet til forbundet er i stutte trekk: Jamvel om den russiske Fide-presidenten Arkadij Dvorkovitsj og pampane hans har både sjakkinteresse og organisatorisk kompetanse (Dvorkovitsj var sjef for fotball-VM i 2018), er dei dømde til moralsk tap så lenge dei økonomisk og politisk må spela på lag med Kreml.

Bayat tek ikkje nokon drit frå nokon. Som jentunge vart ho iransk meister i sjakk. Som vaksen gjorde ho forskarkarriere i geovitskap og deretter administrativ karriere som den fyrste kvinnelege generalsekretæren i Iran, då ho i 2017 fekk sjefsjobben i det iranske sjakkforbundet.

Ho vart òg ein internasjonal toppdomar som skapte overskrifter verda over («Frå sjakkverda», Dag og Tid 31. januar 2020) då ho som hovuddomar under VM-finalen for kvinner i januar 2020 tok av seg hidsjaben. Ho kunne ikkje returnera til Iran og flykta til England, der ho engasjerte seg i menneskerettar. Ho fekk i 2021 prisen International Women of Courage Award frå det amerikanske utanriksdepartementet.

Som domar under VM i fischersjakk på Reykjavik i fjor haust bar ho T-skjorta «Women, Life, Freedom». Men sportsvaskarar på ein fotballbane i Qatar eller på eit russisk sjakkbrett hatar T-skjorter, for med ei T-skjorte kjem det frie ordet trykt på brystet. Fide-presidenten, som kjenner den russisk­venlege toppleiinga i Iran, tok personleg affære og kravde at Bayat kledde seg sømeleg. Men menn med makt kan ikkje lenger fortelja ei fri iransk kvinne korleis ho skal kle seg.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement