Diktet
Jan Erik Vold takkar for seg
Jan Erik Vold
Foto: Stian Lysberg Solum / NTB
«For å skjøna poesi må du anten vera klok eller barnleg, helst begge delar som Jan Erik Vold. Han er vår litteraturs Espen Oskeladd», skreiv Erling Lægreid i Dag og Tid då han hylla Vold på 70-årsdagen hans 18. oktober 2009.
Seinare den hausten fekk vi Vold til å gå saman med litteraturprofessor Asbjørn Aarnes om ei fast diktspalte i Dag og Tid.
Aarnes opna med Tor Jonson «Så stig da i meg, einsemd». Vold fylgde opp veka etter med «De dragser og drar» av Inger Hagerup. Sidan har Vold skrive i spalta. Annakvar veke fram til 2017, deretter kvar tredje. 291 dikt og spalter til saman!
At det var dei to som skulle gå saman om diktspalta, var ikkje sjølvsagt. Året før hadde dei hatt ein krass debatt i Dag og Tid om Olav H. Hauge og kva slag verdiar som skal vektleggjast i diktinga. Men i diktspalta fann dei saman. Aarnes var estetikaren som leitte etter det store og opphøgde diktet. Vold kvardagsmodernisten som såg på heile verket til ein diktar.
Men no er det slutt med Vold i spalta, diverre. Det har vore ei glede å opna e-posten med dei same opningsorda kvar gong: «Kjære venner! Her kommer mitt bidrag til Diktet-spalten.» Kva dikt har han funne fram no? Eit ukjent dikt eller ein diktar som fortener å lyftast fram? Det har vore mange av dei.
– Takk for innsatsen Jan Erik, Dag og Tid-lesarane har vore privilegerte. Kva er det som har motivert deg?
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.