Kampen om historiebøkene

Magnus Carlsen sette ein ny rekord, men vann ikkje turneringa på Isle of Man.
Magnus Carlsen sette ein ny rekord, men vann ikkje turneringa på Isle of Man.
Publisert

Magnus Carlsen har vore verdseinar – øvst på ratinglista – sidan 2010 og verdsmeister sidan 2013. Betre kan det vel ikkje bli? Jau då, Garri Kasparov var verdseinar i 20 år, frå 1985 til 2005, og verdsmeister i 15 år, frå 1985 til 2000. Men det er òg alt. Carlsen, på si side, samlar no rekordar på andre område. Han har fire gull i VM i lynsjakk og to i snøggsjakk. Kasparov var ikkje interessert i slikt.

Og Carlsen har no sett ein ny rekord: 101 klassiske langsjakkparti på rad utan tap. Sist gong nordmannen tapte eit parti, var 31. juli 2018 mot aserbajdsjanaren Sjakhrijar Mamedjarov. Med den risikoen Carlsen tek i nesten kvart parti, er dette verkeleg ei historisk bragd. Til samanlikning var den cubanske verdsmeisteren José Raúl Capablanca rekna som uovervinneleg, men rekordserien hans var på berre 62 parti. Kasparov og Bobby Fischer er ikkje ein gong på lista over topp 10. Så kven finn vi der?

Den solide kinesaren Ding Liren, nummer tre i sjakkverda, hadde i fjor 100 parti på rad utan tap mot verdseliten. Så har vi verdsmeisteren frå 1960–61, Mikhail Tal, som på 70-talet fekk 95 parti på rad utan tap. Den gamle trollmannen byrja spela mange snøgge remisar for, som han sa: «Eg har fjerna den venstre nyra, og all risikovilje var plassert der.»

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement