Kan ein juksa i sjakk? «Sjakk er vel den einaste sporten utan juks», sa ein truskuldig Sergej Karjakin før VM-kampen mot Magnus Carlsen i 2016. Karjakin tenkte sjølvsagt på alle dopingskandalane som hadde råka idretten generelt og russisk idrett spesielt;

Sjakkspelaren med øyreplugg i handa.
Sjakkspelaren med øyreplugg i handa.
Publisert

«Sjakk er vel den einaste sporten utan juks», sa ein truskuldig Sergej Karjakin før VM-kampen mot Magnus Carlsen i 2016. Karjakin tenkte sjølvsagt på alle dopingskandalane som hadde råka idretten generelt og russisk idrett spesielt; i sjakkmiljøet tenkte ein på Putin, FSB, avlytting, datainnbrot og annan djevelskap som kunne råka Carlsen og dei topphemmelege datafilane hans føre og under VM-kampen. Carlsen diskuterer opningsstrategiar med sekundantane gjennom Skype – men kor trygt er det?

Særs trygt, kan vi no seia. Russarane juksa ikkje i VM-kampen, og eg kan nærast garantera at det heller ikkje har vore «mobiltelefonjuks» i toppsjakken det siste tiåret. Det er fleire grunnar til det: Dei beste spelarane spelar ikkje computertrekk i dei kritiske, avgjerande stillingane. Dei kjenner kvarandre altfor godt, skjønar når ein computer kunne ha vore til hjelp, og dei analyserer saman etter partia. Ein sjakkspelar kan ikkje renna til skogs.

Den siste gongen det kan henda var grunn til mistanke, var då bulgararen Veselin Topalov vann VM-turneringa i 2005 med perfekt spel. Jamvel dei hardaste kritikarane av Topalov er samde om at bulgararen ikkje har juksa etter denne turneringa, men russarane trur at manageren – som analyserte partia med mobiltelefon frå publikumsplass – gav bulgararen ulike teikn i 2005.

På lægre nivå er juks meir vanleg. Den mest kjende jukseskandalen dei siste åra er norsk – og skjedde på aller lægste nivå. Synshemma Stein Bjørnsen (52) frå Horten, tidlegare dopingtatt to gonger i styrkelyft, var for to år sidan utan tap på sjakkbrettet og spela på norsk elitenivå. Det var overraskande av di det ordhage sjakkgeniet synte ei sjakkforståing som ein nybyrjar.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement