Kan ein leva av sjakk?

Fabiano Caruana (til høgre), i dag nummer to i verda, lever godt av å spela sjakk, medan den legendariske trenaren Bruce Pandolfini lever av å undervisa born i Washington Square Park.
Fabiano Caruana (til høgre), i dag nummer to i verda, lever godt av å spela sjakk, medan den legendariske trenaren Bruce Pandolfini lever av å undervisa born i Washington Square Park.
Publisert

Sjansen for at ein nordmann er god nok til å leva som profesjonell sjakkspelar, er ikkje stor. Leif Øgaard freista dette livet på 1970-talet, men rundt 1980 hadde familiefaren ei årsløn på 20.000 kroner. Han gav seg på topp (ca. nummer 50 i verda).

Nokre år seinare var Knut Jøran Helmers vår einaste sjakkproff, men i praksis utan løn. Kona tente gode pengar, så det gjekk rundt. Så kom Simen Agdestein, elev av Helmers. Han var den fyrste som kunne leva av sjakken, men han levde endå betre som fotballspelar. Helmers var misnøgd då han tykte Agdestein spolerte sjansen til å verta noko så sjeldan som ein «lukkeleg norsk sjakkproff».

Einar Gausel freista lukka som sjakkproff, men «om eg skal leva av å spela, må eg bu i ei campingvogn», sa han etter NM-sigeren i 1992.

I dag har vi to sjakkproffar utanom Carlsen (eg reknar ikkje med TV 2-kommentator Jon Ludvig Hammer, dei som lever av å undervisa i sjakk, eller unge, lovande spelarar som tek eit friår på loffen i sjakkverda). Dei to er Johan-Sebastian Christiansen (26) og Aryan Tari (25), nummer to og tre på noregsrankinga og nummer 77 og 100 i verda.

Båe har halde stien sin rein: inga undervisning, inga TV-kommentering, inga skriving. Berre speling. Men diverre spelar dei heller ikkje all verda, eit stykke bak verdseliten. Etter fleire år som sjakkproffar veit dei kor mykje slit som ligg bak kvart ratingpoeng. Dei tek difor ikkje sjansen på å spela NM denne veka. Remisar mot norske amatørar ville kosta dei dyrt.

Ein sjakkproff lever av ratinga, men ein lever ikkje godt. Det finst få turneringar i dag der arrangøren vil betala for å ha med sterke spelarar. Eit godt sjakktrekk frå ein sjakkproff har lægre verdi når ein datamaskin kan gjera eit minst like godt trekk hos amatøren heime i stua.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement