Frå historia

Kapitalen knurrar

Frå kysten av Guernsey, som ofte vert omtalt som eit skatteparadis.
Frå kysten av Guernsey, som ofte vert omtalt som eit skatteparadis.
Publisert

Norske kapitalistar er urolege for norsk kapitalskatt av ulike slag. Dei rømmer landet. I fjor vart likningsverdiar for 36 milliardar kroner flytte frå Noreg til Sveits, fortalde Dagens Næringsliv 9. januar i år. Og dei tok med seg 700 millionar i skattekroner til stat og kommune. Dei millionane må erstattast av andre skattebetalarar.

Det er dei rikaste som flytter pengane sine. Kapitalen er internasjonal, flyttbar og fedrelandslaus.

At statane slit med å handtere kapitalen, er ingenting nytt. Det ligg i kapitalens natur å krevje avkasting og profitt, og å ha arbeidsvilkår som fremjar det.

Den politiske kunsten er å skattlegge han så mykje at det gjev pengar i slunkne offentlege kassar, men ikkje så mykje at han rømmer landet. Det blir ein vanskeleg balansegang.

Statane har vanskeleg for å bli samde med kvarandre om sams reglar for å halde auge med kapitalen. Å gjere seg lekker for kapitalen er ein måte å fiske på, å få kapital til landet.

Det moderne Noreg vart delvis bygt av framand kapital. Den norske jernbanen starta med engelsk kapital. Norsk Hydro med fransk og svensk. Internasjonalt blir det då ein konkurranse om å gjere seg lekker for kapitalen, med mjuke og tøyelege skattereglar. Nokre mindre statar og lokalsamfunn blir vinnarar i denne konkurransen.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement