Karl Johan

Statuen av Karl Johan framfor Slottet i Oslo.
Statuen av Karl Johan framfor Slottet i Oslo.
Publisert

Karl Johan, den fremste av dei svensk-norske unionskongane, fienden for riksforsamlinga på Eidsvoll i 1814, som fleire gonger truga Stortinget med militærmakt då unionen var vel etablert, sit i dag til hest på slottsplassen og ser nedover gata si medan han held auge med Stortinget, slik han alltid gjorde i regenttida si.

Kvar 17. mai strøymer borna rundt statuen hans og veiftar med norske flag og syng nasjonalsongen. Karl Johan avskydde 17. mai og gjekk til drastiske tiltak for å få slutt på uvesenet.

Ingen nasjonalhelt frå norsk historie opplever så massiv heidring: titusenvis av syngjande, festkledde skuleborn.

Noko har hendt.

I 1852 vart Slottsveien døypt om til Karl Johans gate, eit namn som kom til å overleve då dei fleste geografiske namn etter danskekongane vart sopte bort.

Statuen vart avduka 7. september 1875. Då hadde ideen levd i bortimot 40 år, lansert av Karl Johan-brorskapet i 1836, om eit «Monument for Norges første Ven og Beskytter, verdiget en stor Aand, der nu i over 2 Decennier har vaaget over vort Land og ledet det til Hæder og Velstand». Då hadde Karl Johan enno åtte år att på den svensk-norske trona.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement