Kassandra
Ajax tek Kassandra, skildra på ein vase i Louvre frå kring 440 f.Kr.
Kassandra dukka opp hos Homer, saman med andre gudar og menneske. Ho var ei ulukkeleg kvinne, den vakraste av døtrene til kong Priamus i Troja. Guden Apollon la sin elsk på henne. Dei greske gudane dreiv mykje med å plage jordiske kvinner med kjærleiken sin. For å få viljen sin med henne gav Apollon henne spådomsgåva. Ho kunne sjå kva framtida bar i seg. Det hjelpte ikkje. Ho avviste han. Då hemna han seg, slik avviste kåte gudar alltid gjorde. Hemnen var at ingen skulle tru på spådommane hennar.
Så vart det hennar lagnad: å åtvare mot ulukker ho såg kome, utan at nokon brydde seg. Det var nok tungt.
Framtida har alltid vore uviss, kanskje til og med farleg. Mange har følgt i Kassandras spor, med alvorlege åtvaringar om det som var i vente.
Det å vere dommedagspredikant har langt på veg blitt ein karriereveg og ein levemåte. Mange spådommar er komne gjennom historia, og mange ulukker har hendt. Om det er nokon samanheng mellom spådommane og ulukkene, er omdiskutert. Det er nok framleis mange ulukker som aldri har innfunne seg.
Klassikaren er Oswald Spenglers Der Untergang der Abendlandes (Vestens kveld og undergang) frå 1918–22. Europa var komen så langt i utviklinga at berre undergangen stod att. Nasjonalsosialismen var ei framtidsvon, meinte Spengler rett etter første verdskrigen.
I dag har Spengler låg status i historiefaget. Men det kom altså ein krig til, og Europa vart etter kvart avkrefta og maktlaus, i skuggen av nye stormakter og vaknande koloniar. Die Abendlandes hadde i alle fall si beste tid bak seg.
Digital tilgang – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.