Kjønnslivet under kontroll

Oksen 11147 Enger fekk årets eksportpris i 2018.
Oksen 11147 Enger fekk årets eksportpris i 2018.
Publisert

Kring 1850 vart norsk jordbruk endra for all framtid. Endringa tok litt tid. Etter kvart steig det fram eit nytt landskap i norske bygder.

Krimkrigen var over, og korn frå Russland og Ukraina fløymde inn i Europa. Samtidig opna jernbanen for kornet frå den amerikanske prærien, og billeg korn fløymde også derifrå. Den norske korndyrkinga bukka under, og norsk jordbruk vart eit husdyrjordbruk. Bygningane på den norske landsbygda fortel denne historia. Korn trong ikkje stor lagerplass og store bygg. Derimot trong det kverner, som grodde opp over alt der det var rennande vatn.

Høyet, som var vinterfôret for husdyra, trong stor lagerplass, og store låvebygningar fylte bygdene. Med den nye siloteknologien vart dei erstatta av store siloar, og dei store låvane vart ståande tomme, før dei store betongsiloane i sin tur vart erstatta av plastballongar, som i dag lyser opp i bygdene utover sommaren. Og mange store siloar står tomme, medan kvernene er blitt ei sak for kulturvernet.

Og husdyravlen kom. Det vart skipa såkalla landbruksforeiningar som spreidde kunnskap om fôring og avl. Nye ferasar vart importerte, og gamle vart tatt vare på.

Røynsle viste at god mjølkeevne gjekk i arv. Om ei god mjølkeku vart para med ein okse med ei stormjølkande mor, var utsiktene gode for at avkommet vart ei god mjølkeku. Avlsarbeidet hadde som mål å pare krøttera slik at kyrne mjølka meir.

Og det var framgang å sjå.

Digital tilgang – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.


Eller kjøp eit anna abonnement